YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 17

17
Jesus bed for alle sine
1Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. #12,23; 13,32 2For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. #10,28 3Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. #4,34 5Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.#Fil 2,6; Joh 1,1
6Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt. #6,37 7No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.#16,27.30
9Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine. 10Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei. #16,15 11Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt. #10,30 12Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast. #6,39; 10,28f; 13,18; Apg 1,16ff 13No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. #15,11+ 14Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. #15,18f 15Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. #2 Tess 3,3 16Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. 17Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning. #17,17 Helga, vigsla Grunnteksten har same ordet på desse to stadene. 18Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. #20,21 19Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga.#Hebr 10,10
20Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. #10,38+; Gal 3,28 22Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. #5,20+ 24Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. #12,26; 14,3; 1 Joh 3,2 25Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. #7,28f; 8,55 26Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

Currently Selected:

Johannes 17: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy