Hosea 14
14
1Samaria skal bøta,
fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud.
Dei skal falla for sverd,
deira småborn skal knusast,
og kvinnene som ventar barn,
skal skjerast opp. #2 Kong 15,16; Am 1,13
Eg vil lækja deira fråfall
2Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud,
for synda di har ført deg til fall. #12,7+; Sak 1,4
3Kom med dei rette ord,
vend om til Herren og sei:
«Tilgjev all vår skuld,
og ta imot vår gode gåve,
så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper! #Sal 119,108+; Hebr 13,15
4Assur kan ikkje hjelpa oss.
Vi vil ikkje ri på hestar
og ikkje lenger seia: Vår gud!
til det våre hender har gjort.
Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.» #Sal 10,14.18+; Jes 30,16
5Eg vil lækja deira fråfall,
og eg vil elska dei av hjarta,
for vreiden min har vendt seg ¬frå dei. #6,1+
6Eg vil vera som dogg for Israel;
han skal bløma som ei lilje
og røta seg som trea ¬på Libanon.
7Hans renningar ¬skal breia seg utover,
han skal vera fager ¬som oliventreet
og anga som skogen ¬på Libanon. #Sal 80,10ff
8Atter skal dei bu ¬i min skugge,
endå ein gong ¬skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå ¬Libanon.
9Kva skal Efraim ¬med avgudar meir?
Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han.
Eg er som ein grøn sypress,
frå meg skal frukta di koma.
10Kven er så klok ¬at han skjønar dette,
så vitug ¬at han merkar seg det?
Ja, Herrens vegar er rette,
dei rettferdige ferdast ¬på dei,
men illgjerdsmennene ¬snåvar. #Sal 107,43; Jer 9,12
Currently Selected:
Hosea 14: N78NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).