YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 3

3
Guds folk i øydemarka – og i dag
(3,1–4,13)
Jesus er større enn Moses
1Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus. #4,14+ 2Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus. #4 Mos 12,7 3Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer. 4Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud. 5Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast. 6Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.#1 Kor 3,16+; Kol 1,23
I dag, om de høyrer hans røyst
7Difor, som Den Heilage Ande seier:#Sal 95,7ff
I dag, om de høyrer hans røyst,
8så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde
som den gongen fedrane ¬dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg ¬i øydemarka. #2 Mos 17,7
9Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10endå dei hadde sett ¬mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje ¬mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt ¬i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile! #4 Mos 14,21ff; Hebr 4,1ff
12Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. #12,15 13Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. #10,25 14For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. #3,6 15Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde
som den gongen dei trassa meg,
16kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? #4 Mos 14,29; 1 Kor 10,10 18Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? #4 Mos 14,22f; Hebr 3,11 19Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.

Currently Selected:

Hebrearane 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy