YouVersion Logo
Search Icon

2. Tessalonikar 1

1
Helsing
1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. #1 Tess 1,1 2Nåde og fred vere med dykk frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7
Domen når Herren kjem att
3Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, som rett er. For trua dykkar veks stadig, og kjærleiken de har til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk. #1 Tess 1,2; 2 Tess 2,13 4Difor kan vi rosa oss av dykk i Guds kyrkjelydar for det tolmod og den tru de viser i alle dei forfylgingar og trengsler de lyt tola. #1 Tess 2,19f 5Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom. Når den kjem, skal de finnast verdige til å få Guds rike som de no lid for. #Rom 2,5ff; Fil 1,28 6For dette er rettferdig i Guds augo: Dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att; 7og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss. Så skal det gå når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen saman med englane sine i makt og velde. #1 Kor 1,7+; 1 Tess 3,13; 4,16 8Han kjem med logande eld, og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium. #Jes 66,15; Rom 2,8; 1 Pet 4,17 9Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt, #Jes 2,19.21 10den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og møtast med tilbedande undring av alle som trur. Og de har trutt det vitnemålet vi bar fram.#Kol 3,4
11Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, fylla dykk med all vilje til det gode og med kraft fullføra hjå dykk dei gjerningar som kjem av tru. 12Då skal vår Herre Jesu namn verta æra hjå dykk, og de får del i hans ære, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.#Mal 1,11; Joh 17,10.22

Currently Selected:

2. Tessalonikar 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy