YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 6

6
1Alle som er trælar under åket, skal visa herrane sine den vørdnad dei har krav på, så Guds namn og læra ikkje skal verta spotta. #Ef 6,5+ 2Og de trælar som har truande herrar, skal ikkje visa dei mindre vørdnad fordi dei er brør. Nei, de skal tena dei med endå større ihuge, for dei er truande og kjære brør som legg vinn på å gjera vel. Dette skal du læra og påminna om.#Filem 16
Vranglære og pengehug
3Om nokon fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til, #Gal 1,6ff; 2 Tim 4,3+ 4då er han hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar #1,6+ 5og stadig krangel mellom menneske som har mist dømekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning. #Rom 1,28; 2 Tim 4,4; Tit 1,14 6Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning. #Fil 4,11; 1 Tim 4,8 7For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå. #Job 1,21 8Har vi mat og klede, skal vi vera nøgde med det. #Ordt 30,8; Matt 6,25 9Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping. #Matt 6,19; 13,22; Luk 12,15ff; Hebr 13,5 10For kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt. Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.#Matt 6,24
Truskap mot oppdraget
11Men du, Guds mann, hald deg frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde! #2 Tim 2,22 12Strid den gode striden i trua, og grip det evige livet som du er kalla til, og som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne. #Luk 13,24; 1 Tim 1,18; 2 Tim 4,7; Jud 3 13Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: #Joh 18,36f 14Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom. #Fil 1,10f 15Og det skal han la oss få sjå i si tid, han som er den sæle og einaste mektige, kongen over kongane og herren over herrane, #5 Mos 10,17 16den einaste som er udøyeleg, og som bur i eit ljos der ingen kan koma, han som inkje menneske har sett og ingen kan sjå. Han skal ha ære og evig makt! Amen.#2 Mos 33,20; Joh 1,18
Sluttord
17Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja si von til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. #Sal 62,11; Jak 5,1ff; Matt 6,33 18Dei skal gjera vel, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og gjerne dela med andre. 19På den måten skal dei samla seg skattar og leggja ein god grunnvoll for den tid som kjem, så dei kan gripa det sanne livet.#Matt 6,20
20Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tome snakket og motsegnene frå den kunnskap som med urette vert kalla så. #6,20 kunnskap Kunnskap har vore eit slagord i den vranglæra som brevet strider imot. #2 Tim 1,14; 1 Tim 4,7 21Visse folk vedkjenner seg den og har villa seg bort frå trua.
Nåden vere med dykk! #1,6+; 2 Tim 2,18

Currently Selected:

1. Timoteus 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy