YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 2

2
Guds løyndom er openberra
1Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. #Apg 18,1; 1 Kor 1,17 2For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. #Gal 3,1; 6,14 3Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. #Apg 18,9; 2 Kor 10,1 4Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. #2 Kor 12,12; 1 Tess 1,5 5For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. #Matt 13,11+ 8Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. #Matt 11,25; Apg 13,27 9Men det står skrive:#Jes 64,3
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. #Matt 13,11 11Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. #Ordt 20,27 12Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. #Joh 16,13f 13Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. #Joh 14,26+ 14Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. #1 Joh 2,20 16For#Jes 40,13
kven kjende Herrens hug,
så han kunne gje han råd?
Men vi har Kristi hug.

Currently Selected:

1. Korintar 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy