YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 29

29
Friviljuge gåver til tempelbygget
1Sidan sa kong David til alle som hadde samla seg der: «Salomo, son min, den einaste som Gud har valt ut, er ung og veik, og arbeidet er stort. For dette staselege byggverket skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud. #22,5 2Så har eg etter beste evne drege i hop vyrke til huset åt min Gud: gull til det som skal vera av gull, sølv til det som skal vera av sølv, bronse til det som skal vera av bronse, jern til det som skal vera av jern, og tre til det som skal vera av tre. Og eg har samla karneol og steinar til innfelling, turkis og mosaikksteinar, allslags dyre steinar, og marmorheller i mengd. #22,14 3Og av di Guds hus er meg så kjært, vil eg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til bygningen, forutan alt det eg har samla til det heilage huset, 4tre tusen talentar gull, gull frå Ofir, og sju tusen talentar reinsa sølv til å kle veggene i templet med. 5Så vert det gull og sølv til det som skal vera av gull og sølv, til alt arbeid som skal gjerast av kunstnarhand. Kven er no viljug til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren i dag?»#2 Mos 35,4ff
6Då kom dei viljug med gåver, både hovdingane for ættgreinene og Israels ættehovdingar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og dei som hadde tilsyn med det arbeidet som vart gjort for kongen. 7Fem tusen talentar og ti tusen dareikar gull, ti tusen talentar sølv, atten tusen talentar bronse og hundre tusen talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus. 8Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gersjon-ætta hadde tilsyn med. 9Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det.
10Og David lova Herren framfor alle som var samla, og sa: «Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æve til æve! 11Deg, Herre, høyrer stordomen til og makta, æra, høgda og herlegdomen, ja, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd over alt og har alt i di makt. #Matt 6,13; Op 4,11; 5,12 12Rikdom og ære kjem frå deg, og du rår over alle ting. I di hand er kraft og styrke, og du har makt til å gjera alt stort og sterkt. #2 Krøn 20,6 13Så takkar vi deg no, vår Gud, og prisar ditt herlege namn. 14For kven er vel eg, og kva er folket mitt, at vi skulle makta å gje så rause gåver? Nei, alt kjem frå deg; og det vi gjev deg, har vi fått frå deg. #2 Krøn 2,6 15Framfor ditt åsyn er vi framande og gjester, liksom alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda og utan von. #1 Mos 23,4; 3 Mos 25,23; Job 14,2; Sal 39,13; 90,10; 144,4; Hebr 11,13 16Herre, vår Gud! All denne rikdomen som vi har samla, så vi kunne byggja eit hus for ditt heilage namn, den kjem frå deg, og alt er ditt. 17Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og har hugnad i ein ærleg hug. Av ærleg hjarta og fri vilje har eg gjeve deg alt dette. Og med glede har eg no sett korleis folket ditt, som her er til stades, viljug kjem til deg med gåvene sine. #Sal 7,10; Op 2,23 18Herre, du Gud åt Abraham, Isak og Israel, fedrane våre! Lat det alltid røra seg slike tankar i folket ditt, og vend hjarta deira til deg! 19Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta, så han held seg etter boda og lovene og føresegnene dine, fullfører verket og reiser det staselege byggverket som eg har samla tilfang til.»
Salomo vert konge
20Sidan sa David til alle som var samla: «Lova Herren dykkar Gud!» Og heile møtelyden lova Herren, sin fedregud. Dei la seg på kne og bøygde seg til jorda for Herren og for kongen. 21Morgonen etter bar dei fram slaktoffer for Herren og ofra brennoffer til han: tusen oksar, tusen verar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrde til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel. 22Den dagen åt og drakk dei for Herrens åsyn med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest. #1 Kong 1,33ff; 1 Krøn 23,1 23Så vart Salomo konge etter David, far sin, og sette seg på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han. 24Alle hovdingane og kjempene og like eins alle sønene til kong David hylla kong Salomo. 25Heile Israel såg korleis Herren gjorde Salomo stor og mektig og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel før han hadde hatt.#2 Krøn 1,1
26David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel. 27Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. #1 Kong 2,11 28Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.
29Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad. 30Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike.

Currently Selected:

1. Krønikebok 29: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy