Høgsongen 6
N11NN
6
Koret
1Kvar er kjærasten din faren,
du vakraste mellom kvinner?
Sei, kvar har kjærasten teke vegen,
vi vil hjelpa deg å leita.
Ho
2 # 4,16 Kjærasten gjekk ned til hagen sin,
til angande urtesenger.
Han ville gjeta i hagane
og plukka liljer.
3 # 2,16 Kjærasten er min, og eg er hans,
han som gjeter mellom liljene.
Han
4 # 6,4 Tirsa by nordaust for Sikem, første hovudstaden i Nordriket. Jf. 1 Kong 14,17; 16,23f. Du er vakker som Tirsa, mi kjære,
praktfull som Jerusalem,
farleg som ein hær under banner.
5 # 4,1–3 Vend auga dine bort,
dei hærtek meg.
Håret ditt er som ein geiteflokk,
strøymande nedover Gilead.
6Tennene dine er som nyklipte sauer
som kjem frå vask.
Tvillingar har dei alle,
og ingen har mista eit lam.
7Som skiva av eit granateple
er tinningen bakom sløret.
8Seksti dronningar er det, åtti følgjekoner
og unge jenter utan tal.
9Berre éi er mi due, mi fullkomne,
den einaste for mor si,
elska av henne som fødde henne.
Døtrene ser henne og prisar henne sæl,
dronningar og følgjekoner hyllar henne.
Koret
10 # 3,6f Kven er ho som strålar lik morgonròden,
vakker som månen, klår som sola,
farleg som ein hær under banner?
Han
11Eg gjekk ned til nøttehagen,
ville sjå kor det grønkast i dalen,
om vinstokken hadde sett nye skot,
om granataplane blømde.
12Eg kjende ikkje meg sjølv,
det var som stod eg
på mitt folks vogner som hovding.
Koret
13 # 6,13 jenta frå Sjulam hebr. sjulamit, hokjønnsform som minner om namnet Salomo (hebr. Sjelomo). Sjulam kanskje byen Sjunem (arabisk Solem), nær Jisreel-sletta. Jf. 1 Kong 1,3f. Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!
Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!
Han
Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulam
der ho dansar mellom rekkjene?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk