YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 2

2
Brev til dei sju forsamlingane
(Kap. 2–3)
Til Efesos
1 # 1,13.16.20 # 2,1 Efesos ein av dei største byane i antikken, handelsby og hovudstad i den romerske provinsen Asia. =byar. Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos:
Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane: 2#2 Kor 11,13ff; 1 Joh 4,1; Op 3,1.8.15#2,2 apostlar utsendingar med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar. 3Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
4Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik. 5#Hebr 10,32; Op 2,16.22; 3,3.19 Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om. 6#2,6 nikolaittane Ordet viser til ei ukjend gruppe i forsamlinga, som har namn etter ein viss Nikolaos. Jf. v. 15. Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.
7 # Mark 4,9+; Op 22,2+ Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
Til Smyrna
8 # Jes 44,6; 48,12; Op 1,17f # 2,8 Smyrna ca. seks mil nord for Efesos, der det moderne Izmir no ligg. Byen var kjend for å vera svært rik og vakker. Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:
Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande: 9#Jak 2,5; Op 3,9 Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er – men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10#Matt 10,22; 1 Kor 9,25+; 1 Pet 3,14 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel for at de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens sigerskrans!
11 # 20,6.14; 21,8 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.
Til Pergamon
12 # Jes 49,2; Jer 23,29; Ef 6,17; Hebr 4,12; Op 1,16; 2,16; 19,15 # 2,12 Pergamon residensby for den romerske statthaldaren, ca. åtte mil nord for Smyrna. Skriv til engelen for forsamlinga i Pergamon:
Dette seier han som har det kvasse, tvieggja sverdet: 13#2,13 der Satan har trona si Pergamon hadde mange praktfulle tempel. Byen var eit sentrum for den romerske keisardyrkinga og hadde eit vidkjent Zevs-altar. Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.
14 # 2,14 Bileam Jf. 4 Mos 22,5–24,25; 2 Pet 2,15; Jud 11. Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15#2,6 Så har du òg nokre hos deg av same slaget, dei som held seg til det nikolaittane lærer. 16#2,12+ Vend om! Elles kjem eg snart til deg og vil kjempa mot dei med sverdet som går ut frå min munn.
17 # 2 Mos 16,4ff; Jes 62,2; 65,15; Op 3,12; 19,12 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.
Til Tyatira
18 # Apg 16,14; Op 1,13ff # 2,18 Tyatira ca. seks mil søraust for Pergamon. Byen var kjend for å produsera kostbart purpurtøy og metall. Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:
Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse: 19#2,2 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!
20 # 4 Mos 25,1f # 2,20 Jesabel symbolsk namn på ein person i forsamlinga. Jf. 1 Kong 16,31; 21,25; 2 Kong 9,22. Tilhengjarane blir omtala som «dei som gjer ekteskapsbrot med henne» (v. 22) og «borna hennar» (v. 23). Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri. 22Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar, 23#Sal 62,13; Jer 17,10; Rom 2,6 og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort. 24#2,24 kjent Satans avgrunnar Nokre kristne hevda truleg at dei hadde ein djupare kunnskap, m.a. om det gode og det vonde. Jf. 1 Tim 6,20f. Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25#3,11 Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.
26 # Sal 2,8f Den som sigrar og heilt til det siste held seg til mine gjerningar, skal eg gje makt over folkeslaga.
27 # 12,5; 19,15 Han skal styra dei med jernstav,
som leirkar skal dei knusast.
28 # 2 Pet 1,19; Op 22,16 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
29Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy