YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 96

96
1 # 1 Krøn 16,23ff; Sal 98,1; Jes 42,10; Op 5,9 Syng for Herren, syng ein ny song.
Syng for Herren, all jorda!
2Syng for Herren, velsign hans namn.
Forkynn hans frelse frå dag til dag!
3 # 9,12; Jes 66,18 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,
mellom alle folk om hans under!
4 # 47,3+ For Herren er stor og verdig lov og pris,
verd å frykta meir enn alle gudar.
5 # 115,4; 135,15ff; Jes 41,23f.29; 1 Kor 8,4ff Alle gudane til folka er avgudar.
Det var Herren som skapte himmelen.
6Høgd og herlegdom er framfor han,
makt og glans i hans heilagdom.
7 # 29,1f Gjev Herren ære, de folk og slekter,
gjev Herren ære og makt!
8 # 68,30+ # 96,8 føregardar >65,5. Gjev Herren den ære hans namn skal ha.
Kom til hans føregardar med gåver!
9 # 110,3 Bøy dykk for Herren i heilag prakt.
Skjelv for han, all jorda!
10 # 93,1+ Forkynn blant folka: Herren er konge,
verda står fast, ho kan ikkje rokkast!
Han dømmer folka med rettferd.
11 # 98,7f; Jes 44,23; 49,13; 55,12 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,
havet og alt som fyller det, skal brusa,
12marka skal jubla med alt ho ber;
då ropar kvart tre i skogen av fryd
13 # 9,9+ for Herrens andlet.
For han kjem,
han kjem for å dømma jorda.
Han skal dømma verda med rettferd
og folka med truskap.

Currently Selected:

Salmane 96: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy