YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 82

82
1 # 1 Kong 22,19; Job 2,1; Sal 89,8; 138,1 # 82,1 gudar himmelske skapningar i Guds råd. Jf. Guds søner, Job 1,6; Sal 29,1. Her kanskje bilete på leiarane i Israel. Ein salme av Asaf.
Gud står fram i gudars forsamling,
midt mellom gudar held han dom:
2 # 5 Mos 1,17; Sal 58,2; Ordt 17,15 # 82,2 skuldige Det hebr. ordet kan òg omsetjast «lovlause», jf. v. 4. >1,1. Kor lenge vil de dømma med urett
og halda med dei skuldige? Sela
3 # 2 Mos 23,6; Jes 1,17.23 Hjelp svake og farlause til deira rett,
frikjenn hjelpelause og fattigfolk,
4berg fattige og svake,
fri dei frå handa til dei lovlause!
5Dei veit ingenting, skjønar ingenting,
dei ferdast i mørker,
alle grunnvollar under jorda vaklar.
6 # Joh 10,34 Eg har sagt: «De er gudar,
søner av Den høgste er de alle.
7Men de skal døy slik eit menneske døyr,
og falla slik ein av fyrstane fell.»
8 # 7,7+ Reis deg, Gud, hald dom over jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.

Currently Selected:

Salmane 82: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy