YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 81

81
1 # 81,1 Gittit >8,1. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.
2Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke,
rop av glede for Jakobs Gud!
3 # 33,2+ Stem opp ein song, lat handtromma lyda,
den yndige lyra saman med harpa.
4 # 3 Mos 23,24f; 4 Mos 29,1ff Blås i horn ved nymåne
og ved fullmåne, på vår høgtidsdag.
5For det er ei forskrift i Israel,
ei lov frå Jakobs Gud.
6 # 81,6 Josef her om heile Israel. Han gjorde det til eit lovbod i Josef
då han drog ut frå Egypt.
Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:
7 # 2 Mos 1,14; 6,6f Eg fria hans aksel frå børa,
hendene slapp å bera korga.
8 # 2 Mos 17,1ff; 19,19; 4 Mos 20,13; Sal 95,8f; 106,32f I trengsle ropa du, og eg fria deg ut;
løynd i toreskya svara eg deg,
ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela
9 # 95,7 Høyr, mitt folk, eg formanar deg!
Israel, om du berre ville høyra på meg!
10 # 2 Mos 20,2ff+ Ingen framand gud må finnast hos deg,
du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!
11Eg er Herren din Gud
som førte deg opp frå Egypt.
Lat opp munnen, så fyller eg han!
12Men folket mitt høyrde ikkje på meg,
Israel ville ikkje lyda meg.
13Så lét eg dei fara, forherda i hjartet;
dei følgde sine eigne planar.
14 # 5 Mos 5,29; 28,1 Gjev mitt folk ville høyra på meg,
gjev Israel ville gå på mine vegar!
15Då skulle eg kua motstandarane deira med det same
og retta handa mot fienden.
16Dei som hatar Herren, må krypa for han,
deira ulukketid skal alltid vara.
17 # 5 Mos 32,13f Men han har late Israel eta den beste kveiten.
Eg mettar deg med honning frå berget.

Currently Selected:

Salmane 81: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy