YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 69

69
1 # 69,1 Liljene >45,1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David.
2Frels meg, Gud!
Vatnet når meg til halsen.
3 # 40,3+ Eg har sokke ned i myr og djup,
foten finn ikkje feste.
Eg er komen ut på djupt vatn,
flaumen skyl over meg.
4 # 6,7f; 38,10f Eg er trøytt av å ropa,
halsen er hås,
auga sloknar,
eg har venta på min Gud.
5 # 35,19+ Dei som hatar meg utan grunn,
er fleire enn håra eg har på hovudet.
Mine svikefulle fiendar er mange,
dei som vil gjera ende på meg.
Det eg ikkje har røva,
må eg likevel gje tilbake.
6Gud, du veit kor dum eg er,
mine brot er ikkje løynde for deg.
7Lat ikkje dei som vonar på deg,
Herre Gud Sebaot,
bli til skamme på grunn av meg!
Lat ikkje dei som søkjer deg,
skjemmast på grunn av meg, Israels Gud!
8 # 44,23 For di skuld har eg bore spott,
andletet er dekt av skam.
9 # 38,12+ Eg har vorte ein framand for mine brør,
ein ukjend for sønene til mor mi.
10 # 119,139; Joh 2,17; Rom 15,3 Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.
På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
11Eg gret og fasta,
då vart eg spotta.
12 # Job 30,9; Klag 3,63 # 69,12 sekkestrie >30,12. Eg kledde meg i sekkestrie,
då laga dei spottevers om meg.
13Dei snakkar om meg når dei sit i porten,
syng om meg når dei drikk seg fulle.
14 # Jes 49,8 Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,
til deg, Gud, i di store miskunn.
Svar meg med di trufaste hjelp.
15Berg meg frå å søkka i gjørma,
berg meg frå dei som hatar meg,
frå det djupe vatnet!
16Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg,
lat ikkje djupet sluka meg
eller brønnen lata att sin munn over meg!
17 # 44,27; 109,21 Svar meg, Herre, for di miskunn er god,
vend deg til meg i din store kjærleik!
18 # 102,3; 143,7 Løyn ikkje andletet for din tenar,
for eg er i naud.
Skund deg og svar meg!
19Kom til meg, løys meg ut,
fri meg frå mine fiendar!
20Du veit korleis eg blir spotta,
du kjenner mi vanære og mi skam.
Du ser alle som står imot meg.
21Spott har knust mitt hjarte,
det kan ikkje lækjast.
Fåfengt vona eg på medynk,
eg fann ingen som kunne trøysta.
22 # Matt 27,34.48; Joh 19,28f Dei gav meg gift i maten;
då eg var tørst, fekk eg eddik å drikka.
23 # Rom 11,9f Lat bordet deira bli ei snare for dei
og ei felle for deira vener.
24Lat auga deira dimmast
så dei ikkje kan sjå!
Lat alltid hoftene deira skjelva!
25Aus ut din harme over dei,
lat din brennande vreide nå dei!
26 # Apg 1,20 Lat leiren deira liggja i øyde,
lat ingen bu i deira telt.
27For dei jagar etter dei du har slege,
og aukar smerta hos dei du har såra.
28Legg skuld til den skulda dei har,
lat dei ikkje få del i di rettferd!
29 # 2 Mos 32,32; Sal 139,16; Jes 4,3; Op 20,12.15 Lat dei strykast ut av livsens bok
og ikkje skrivast inn med dei rettferdige.
30Men eg er hjelpelaus og lidande,
Gud, hjelp meg og vern meg!
31 # 40,7+ Eg vil prisa Guds namn med song
og hylla han med lovsong.
32 # 50,8ff; 51,18 Det gleder Herren meir enn stutar,
meir enn oksar med horn og klauver.
33 # 22,27+ Dei hjelpelause ser det og blir glade.
Må hjartet dykkar leva, de som søkjer Gud!
34 # 10,14+ For Herren høyrer på dei fattige,
han foraktar ikkje sine eigne når dei er fangar.
35 # 96,11f; 98,7f; Jes 44,23; 49,13 Lat himmelen og jorda prisa han,
havet og alt som rører seg der.
36For Gud skal berga Sion
og byggja opp byane i Juda.
Dei skal bu der og eiga landet.
37 # 102,29; Jes 65,9 Hans tenarars ætt skal arva det,
dei som elskar hans namn, skal bu der.

Currently Selected:

Salmane 69: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy