YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 63

63
1 # 1 Sam 23,14; 24,1ff Ein salme av David, då han var i Juda-ørkenen.
2 # 42,3+ Gud, du er min Gud, som eg søkjer.
Mi sjel tørstar etter deg,
min kropp lengtar etter deg
i eit vasslaust, tørt og utarma land.
3 # 17,15; 27,4 I heilagdomen skoda eg deg,
eg såg di makt og din herlegdom.
4For di miskunn er betre enn livet.
Leppene mine skal syngja din pris.
5 # 104,33; 146,2 Slik vil eg velsigna deg heile mitt liv
og lyfta hendene i ditt namn.
6 # 36,9; 65,5 Eg blir metta som med feite retter,
med jublande lepper prisar eg deg.
7Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,
og grundar på deg gjennom natta.
8 # 17,8+ For du har vore ei hjelp for meg,
eg jublar i skuggen av dine venger.
9 # 18,36; Jes 41,10 Eg held fast ved deg,
di høgre hand grip tak i meg.
10 # 55,16+ Men det går ille med dei
som står meg etter livet,
dei skal fara ned i jordedjupet.
11Dei skal gjevast over til sverdet
og bli til rov for sjakalar.
12 # 107,42 Men kongen skal gleda seg i Gud.
Alle som sver ved han, kan vera stolte,
for løgnarmunnen blir stoppa.

Currently Selected:

Salmane 63: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy