YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 53

53
1 # 53,1 Mahalat kanskje namn på ein melodi. Sal 53 er same salmen som 14. Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.
2Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.»
Vond og avskyeleg er deira urett,
det finst ingen som gjer det gode.
3Frå himmelen ser Gud ned til menneska
for å sjå om det finst nokon som er vis,
nokon som søkjer Gud.
4Alle har trekt seg unna,
alle som ein er forderva.
Det finst ingen som gjer det gode,
ikkje ein einaste.
5Skjønar dei då ingen ting,
dei som gjer urett?
Dei et opp folket mitt som om dei et brød,
og kallar ikkje på Gud.
6Då skal dei råkast av redsle,
dei som aldri var redde.
For Gud skal strø ut beina
av dei som slår leir mot deg.
Dei blir til skamme,
for Gud har vraka dei.
7Måtte frelse koma til Israel frå Sion!
Når Gud vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Currently Selected:

Salmane 53: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy