YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 46

46
1 # 46,1 Korah-songarane >42,1. Alamot «unge jenter», truleg namnet på ein melodi. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.
2 # 9,10+; 18,2f Gud er vår tilflukt og styrke,
ei hjelp i naud og alltid nær.
3 # 65,8; 89,10; 93,3f Difor reddast vi ikkje når jorda skakar,
når fjella vaklar i havsens djup.
4Vatnet buldrar og brusar,
fjella skjelv når havet reiser seg. Sela
5 # 1 Mos 2,10–14; Jes 8,6; Esek 47,1ff # 46,5 Guds by Jerusalem. Det finst ei elv
med bekker som gleder Guds by,
den mest heilage bustaden til Den høgste.
6 # Jes 37,36f; Sef 3,17; Sak 2,9 Gud er midt i han,
byen kan ikkje vakla.
Gud hjelper han når morgonen gryr.
7 # Jes 8,9f; 17,12f Folkeslag buldra, rike vakla,
han lét røysta ljoma, jorda skalv.
8 # Rom 8,31 Herren Sebaot er med oss,
Jakobs Gud er vår faste borg. Sela
9 # 66,5 Kom og sjå alt Herren har gjort,
han som gjer skremmande ting på jorda!
10 # 76,4; Jes 9,5 Han gjer slutt på krig over heile jorda,
han bryt bogar sund, høgg spyda av,
han set eld på vogner.
11Hald opp! Kjenn at eg er Gud.
Eg er opphøgd over folkeslag,
opphøgd på jorda.
12 Herren Sebaot er med oss,
Jakobs Gud er vår faste borg. Sela

Currently Selected:

Salmane 46: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy