YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 44

44
1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme.
2 # 2 Mos 10,2; 5 Mos 6,20f; Sal 78,3 Gud, vi har høyrt det med eigne øyre,
våre fedrar har fortalt oss
om gjerninga du gjorde i deira tid,
i gamle dagar.
3 # 2 Mos 15,17; 5 Mos 7,1f; Sal 78,55; 80,9ff; 105,44 Med di hand dreiv du folkeslag ut,
men du planta våre fedrar;
du fór ille med folka,
men lét våre fedrar fara fritt.
4 # 5 Mos 7,7f; Jos 24,12 # 44,4 lyset frå ditt andlet >4,7. Dei tok ikkje landet ved sverd.
Deira eigen arm gav ingen siger,
det var di høgre hand og din arm
og lyset frå ditt andlet,
for du hadde dei kjær.
5Berre du er min konge og Gud,
som byd at Jakob skal bergast.
6 # 18,30+ Ved deg støyter vi fienden ned,
ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.
7 # 20,8+ For eg set ikkje mi lit til bogen,
det er ikkje sverdet som bergar meg.
8Nei, du har frelst oss frå fienden,
dei som hatar oss, gjorde du til skamme.
9Vi frydar oss alltid i Gud,
vi prisar ditt namn til evig tid. Sela
10 # 43,2; 60,3.12; 74,1; 77,8 Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,
du drog ikkje ut med våre hærar.
11Du lét oss vika tilbake for fienden,
dei som hata oss, rana til seg hærfang.
12Du har gjort oss til slaktefe
og spreidd oss mellom folka.
13 # 5 Mos 32,30 Du har selt ditt folk til spottpris,
du tok ikkje stor betaling.
14 # 79,4; 80,7; 89,42 Du har gjort oss til spott for våre grannar,
til hån for dei som bur ikring oss.
15 # 22,8; 109,25 Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,
du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.
16Dagen lang er mi vanære framfor meg,
andletet er dekt av skam
17under ropa frå dei som håner og spottar,
ved synet av fienden og hemnaren.
18 # Job 31,5ff Alt dette har kome over oss
endå vi ikkje har gløymt deg
og ikkje svike di pakt.
19Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort,
våre steg har ikkje bøygd av frå din veg.
20 # 44,20 sjakalar held til på aude og folketomme stader. Jf. Jer 9,11. Likevel har du knust oss der sjakalar bur,
og lagt dødsskuggen over oss.
21Om vi gløymde vår Guds namn
og lyfte våre hender til ein framand gud,
22 # 7,10+ så ville vel Gud ha funne det ut,
han som kjenner dei løynde tankane i hjartet?
23 # Rom 8,36 Men for di skuld blir vi drepne dagen lang,
vi blir rekna som slaktesauer.
24 # 7,7+ Reis deg! Kvifor søv du, Herre?
Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!
25 # 13,2+ Kvifor løyner du ditt andlet,
kvifor gløymer du vår naud og trengsle?
26Vi søkk ned i støvet,
vi ligg pressa mot jorda.
27 # 3,8+; 25,22 Reis deg og hjelp oss,
fri oss ut i di miskunn!

Currently Selected:

Salmane 44: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy