YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 37

37
1 # 73,3ff; Ordt 23,17; 24,19 # 37,1 Sal 37 er ein alfabetsalme. >25,1. Av David.
Alef
א
Bli ikkje sint på valdsmenn,
misunn ikkje dei som gjer urett!
2 # 129,6 Som graset visnar dei fort,
som grøne groen tørkar dei ut.
Bet
ב
3 # Ordt 2,21 Set di lit til Herren og gjer det gode.
Bu i landet og ta vare på truskap!
4 # 21,3; Jes 58,14 Ha di lyst og glede i Herren,
så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
Gimel
ג
5 # 22,9; 55,23; 62,9; Ordt 16,3; 1 Pet 5,7 Legg din veg i Herrens hand!
Set di lit til han, så grip han inn.
6 # Jes 58,8 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
din rett som høglys dag.
Dalet
ד
7 # 62,2.6; Jes 30,15 Ver still for Herren og vent på han!
Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
den som set i verk vonde planar!
He
ה
8Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
9 # 25,13; Jes 57,13 For valdsmenn skal ryddast ut,
men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
Waw
ו
10 # Job 20,8; Sal 73,20 # 37,10 lovlause Det hebr. ordet kan òg omsetjast «urettferdige», jf. v. 12. >1,1. Om ei lita stund er den lovlause borte.
Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
11 # Jes 60,21; Matt 5,5 Men dei hjelpelause skal arva landet
og gleda seg over varig fred.
Zajin
ז
12 # Job 16,9; Sal 35,16 Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
og skjer tenner mot han.
13 # 2,4+ Herren ler av han,
for han ser at hans dag skal koma.
Het
ח
14Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
slakta ned den som går på rett veg.
15 # 7,16+ Sverdet skal råka deira eige hjarte,
og bogane skal brytast sund.
Tet
ט
16 # Ordt 15,16; 16,8 Det vesle den rettferdige eig,
er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
17For armane på dei urettferdige skal brytast,
men Herren held oppe dei rettferdige.
Jod
י
18 Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,
deira arv skal vara til evig tid.
19 # 33,18f+ Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
Kaf
כ
20 # 1,4.6; 68,3 Men dei lovlause går til grunne.
Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
dei kverv som røyk.
Lamed
ל
21Den urettferdige låner og gjev ikkje att,
den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
22Dei Herren velsignar, skal arva landet,
dei han forbannar, skal ryddast ut.
Mem
מ
23 Herren gjer mannens steg faste
og gleder seg over hans veg.
24 # 145,14+ Om han fell, går han ikkje over ende,
for Herren held hans hand.
Nun
נ
25Ung har eg vore, no er eg gammal,
aldri har eg sett ein rettferdig forlaten
eller hans born be om brød.
26 # 41,2; 112,5; Ordt 14,21; Luk 6,35 Han er alltid miskunnsam og låner ut,
hans born blir ei velsigning.
Samek
ס
27 # 34,15+ Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,
så skal du bu trygt for alltid.
28For Herren elskar det som er rett,
han forlèt ikkje sine trugne.
Ajin
ע
Dei blir haldne oppe til evig tid,
men borna til dei urettferdige blir utrydda.
29Dei rettferdige skal arva landet
og alltid få bu i det.
Pe
פ
30 # Ordt 10,11.31 I munnen til den rettferdige er det visdom,
hans tunge talar rett.
31 # 5 Mos 6,6; Jes 51,7; Jer 31,33 Guds lov er i hans hjarte.
Hans fot skal aldri vakla.
Tsade
צ
32 # 7,3+ Den urettferdige vaktar på den rettferdige
og prøver å ta hans liv.
33 # 34,23 Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges hand
og dømmer han ikkje skuldig i retten.
Qof
ק
34 # 27,14+ Vent på Herren og hald deg til hans veg!
Han lyfter deg opp så du arvar landet.
Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.
Resj
ר
35Eg såg ein lovlaus valdsmann.
Han briska seg som ein frodig seder.
36 # Job 20,8 Sidan kom eg framom, då var han borte!
Eg leita, han var ikkje å finna.
Sjin
ש
37Legg merke til den heilhjarta!
Sjå på den rettskafne!
Det er framtid for den som skaper fred.
38 # 73,19 Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,
dei lovlause får si framtid hoggen av.
Taw
ת
39 # 3,9+; 9,10+ Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,
han er deira vern i tider med trengsle.
40 Herren hjelper dei og friar dei ut.
Han friar dei frå dei urettferdige og frelser dei,
for dei søkjer tilflukt hos han.

Currently Selected:

Salmane 37: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy