YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 33

33
1 # 30,5+ Rop av fryd for Herren,
de rettferdige!
Det er rett at dei rettskafne
syng lovsong.
2 # 71,22; 81,3f; 98,5f; 144,9; 147,7; 149,3; 150,3ff # 33,2 lyre hebr. kinnår, eit gitar- eller harpeliknande strengeinstrument. Pris Herren til lyre,
spel for han på tistrengja harpe!
3 # 40,4; 96,1; 98,1 Syng ein ny song for han,
spel vakkert og rop med jubel!
4 # 4 Mos 23,19; 1 Sam 15,29; Tit 1,2 For Herrens ord er sant,
alt han gjer, kan ein lita på.
5Han elskar rettferd og rett,
jorda er full av Herrens miskunn.
6 # 1 Mos 1,6f; 2,1 # 33,6 heile himmelhæren stjernene eller englane. =himmelske vesen. Ved Herrens ord vart himmelen skapt,
heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7 # 1 Mos 1,9; Job 38,8; Sal 104,7ff Han samla havvatnet som i eit kar,
la havsens djup i forråd.
8Heile verda må frykta Herren,
alle som bur på jorda, må skjelva for han.
9 # 1 Mos 1,3; Sal 148,5 Han tala, og det skjedde,
han baud, og det stod der.
10 # Neh 4,15; Job 5,12 Herren skiplar rådet folka legg,
bryt planane folkeslag tenkjer ut.
11 # Ordt 19,21; Jes 46,10 Herrens råd står fast for alltid,
hans hjartans planar frå slekt til slekt.
12 # 144,15 Sælt er det folk som har Herren til Gud,
det folk han har valt til sin eigedom!
13 # 14,2 Herren skodar ned frå himmelen,
han ser alle menneske.
14Frå sin bustad ser han ned
på alle som bur på jorda.
15 # 94,9–11 Han har forma deira hjarte,
alle deira gjerningar kjenner han.
16 # 1 Sam 17,45ff; Sal 147,10 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
17 # 20,8; Ordt 21,31 Hesten gjev falske voner om hjelp,
med sin store styrke bergar han ingen.
18 # 34,10f; 37,18f; 111,5 Men Herrens auge kviler på dei
som fryktar han og ventar på hans miskunn,
19 # Job 5,20 så han kan fria dei frå døden
og halda dei i live gjennom hungersnaud.
20 # 3,4+ Vår sjel ventar Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
21Vårt hjarte gleder seg i han,
vi set vår lit til hans heilage namn.
22Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.

Currently Selected:

Salmane 33: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy