YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 138

138
1 # 82,1+ Av David.
Eg vil takka deg av heile mitt hjarte,
syngja og spela framfor gudar.
2 # 5,8; 18,50f Eg bøyer meg mot ditt heilage tempel,
eg prisar ditt namn for di miskunn og din truskap.
Du har gjort ditt namn og ditt ord
større enn alt.
3Du svara meg den dagen eg ropa,
du fylte meg med styrke.
4 # 68,30+ Alle kongar på jorda skal takka deg, Herre,
når dei høyrer orda frå din munn.
5Dei skal syngja om Herrens vegar,
for Herrens herlegdom er stor.
6 # 113,5f+ Høg er Herren, men han ser den låge
og kjenner den stolte på lang avstand.
7 # 17,7; 21,9 Går eg i trengsle, held du meg i live,
du retter handa ut mot mine arge fiendar,
di høgre hand bergar meg.
8 # 57,3; 106,1+ Herren skal gjera vel mot meg.
Herre, di miskunn varer evig.
Svikt ikkje ditt verk!

Currently Selected:

Salmane 138: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy