YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 120

120
1 # 120,1 festreisene pilegrimsferdene til Jerusalem på dei store høgtidene eller sjølve festprosesjonane opp til tempelet. Ein song til festreisene.
Eg ropa til Herren i mi naud,
og han svara meg.
2 Herre, berg meg frå lepper som lyg,
frå tunger fulle av svik!
3Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,
kva meir skal han la deg få?
4 # 120,4 gyvelbusken busk som veks i ørkenen. Jf. 1 Kong 19,4. Stridsmannens kvasse piler
og brennande kol frå gyvelbusken!
5 # 1 Mos 10,2; 25,13 # 120,5 Mesjek landområde i Vesleasia, søraust for Svartehavet. Jf. Esek 27,13. Kedar nomadefolk i ørkenen. Jf. Høgs 1,5; Jes 42,11. Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,
eg bur mellom Kedars telt!
6Altfor lenge har eg budd
mellom folk som hatar fred.
7Eg er fred,
men om eg talar,
går dei til krig.

Currently Selected:

Salmane 120: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy