YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 107

107
Femte boka
Salme 107–150
1 # 106,1+ # 107,1 Femte boka Den bibelske salmeboka er i =masoretteksten inndelt i fem hovuddelar. Kvar del sluttar med ei velsigning, jf. 41,14; 72,18f; 89,53; 106,48; 146–150. Pris Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
2 # Jes 35,10 Dette skal Herrens utløyste seia,
dei som han løyste ut av nauda
3 # Jes 11,12; 43,5f dei som han samla frå landa,
frå aust og vest, frå nord og frå havet.
4Somme fór vill i ørken og øydemark,
dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.
5Dei var svoltne og tørste,
kreftene vart borte.
6Då ropa dei til Herren i si naud,
og han fria dei ut av trengslene.
7Han førte dei på rett veg
så dei kom til ein by der dei kunne bu.
8Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
for hans undergjerningar mot mennesket.
9 # Jes 49,10; Luk 1,53 Han lét den tørste drikka,
han metta den svoltne med gode gåver.
10 # Jes 9,1; 42,7 Somme sat i mørker og dødsskugge,
bundne i naud og jern,
11 # Jer 9,12ff for dei hadde trassa Guds ord
og forakta råd frå Den høgste.
12Hjartet deira vart kua av slit,
dei snubla, det var ingen som hjelpte.
13Då ropa dei til Herren i si naud,
og han berga dei ut av trengslene.
14 # Kol 1,13 Han førte dei ut av mørker og dødsskugge
og sleit sund lenkjene deira.
15Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
for hans undergjerningar mot mennesket.
16 # Jes 45,2 Han knuste dører av bronse,
bommar av jern hogg han sund.
17 # Job 33,19ff Somme vart dumme av sine feiltrinn,
dei vart plaga for sine synder.
18Dei fekk avsky for alle slag mat
og kom heilt til dødens portar.
19Då ropa dei til Herren i si naud,
og han berga dei ut av trengslene.
20Han sende sitt ord og lækte dei
og fria dei frå grava.
21Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
for hans undergjerningar mot mennesket.
22 # 50,14.23 Dei skal slakta takkoffer
og fortelja om hans gjerningar med jubel.
23Somme fór ut på havet med skip,
dreiv handel på veldige vatn.
24Dei såg kva Herren gjorde,
hans undergjerningar ute på djupet.
25 # Jona 1,4ff Han tala, og det bles opp til uvêr,
bølgjene gjekk høge.
26Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet.
Dei mista motet i nauda,
27dei tumla og rava som drukne,
det dei kunne, var til inga nytte.
28Då ropa dei til Herren i si naud,
og han førte dei ut av trengslene.
29 # Jona 1,15; Mark 4,39 Han fekk stormen til å stilna,
og bølgjene la seg.
30 # Joh 6,21 Då det stilna, vart dei glade.
Han førte dei i hamn der dei ville.
31Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
for hans undergjerningar mot mennesket.
32Dei skal opphøgja han når folket samlast,
prisa han der dei eldste sit.
33 # Jes 42,15; 50,2 Han gjorde elvar til ørken,
vassrike kjelder til tørstande land
34og grøderik jord til salt,
for dei som budde der, var vonde.
35 # Jes 35,7; 41,18 Han gjorde ørken til innsjø,
tørt land til vassrike kjelder.
36Der lét han dei svoltne slå seg ned,
dei grunnla ein by der dei kunne bu.
37 # Jer 31,5 Dei sådde åkrane til og planta vinmarker
som bar fram grøde dei kunne hausta.
38 # 5 Mos 28,2ff; 30,9 Han velsigna dei, og dei vart talrike,
han lét dei ikkje mangla fe.
39 # 5 Mos 28,62ff Sidan vart dei få,
dei vart tyngde ned
av undertrykking, ulukke og sorg.
40 # Job 12,21.24 Han auste forakt over stormenn
og førte dei vill i veglause øyda,
41 # 113,7+; Esek 36,37f men lyfte dei fattige opp av nauda
og gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.
42 # 63,12; Mi 7,16 Dei rettvise ser det og gleder seg,
all urett må lata att sin munn.
43 # Hos 14,10 Den som er vis, skal ta vare på dette
og merka seg Herrens miskunn.

Currently Selected:

Salmane 107: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy