YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 105

105
1 # 1 Krøn 16,8ff; Jes 12,4ff Pris Herren, kall på hans namn,
gjer gjerningane hans kjende blant folka!
2 # 145,4; 150,2 Syng for han og spel for han,
syng om alle hans under!
3Ver stolte over hans heilage namn!
Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
4 # 27,8+ Spør etter Herren og hans makt,
søk alltid hans andlet!
5Kom i hug det underfulle han har gjort,
teikna hans og lovene frå hans munn,
6du ætt av Abraham, hans tenar,
Jakobs søner, som han har valt ut.
7Han er Herren vår Gud,
lovene hans gjeld over heile jorda.
8 # 5 Mos 7,9 Han kjem i hug si pakt til evig tid,
ordet han gav, i tusen slektsledd,
9 # 1 Mos 15,18; 26,3 pakta han gjorde med Abraham,
og eiden han svor til Isak.
10 # 1 Mos 28,13ff; Sal 111,9 Dette sette han opp som ei forskrift for Jakob,
som ei evig pakt for Israel.
11Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan
til arv og eige.»
12Der var dei ein liten flokk,
få og framande.
13 # 1 Mos 12,1.9; 13,1 Dei vandra frå folk til folk,
frå det eine riket til det andre.
14 # 1 Mos 12,17; 20,3.7; 26,11 Men han lét ingen få undertrykkja dei,
han refsa kongar for deira skuld:
15«Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt mot mine profetar!»
16 # 1 Mos 41,54ff; Jes 3,1 # 105,16 brødstav kanskje ei stong til å træ runde brødleivar inn på. >3 Mos 26,26. Han kalla hungersnaud over landet
og braut sund kvar brødstav.
17 # 1 Mos 37,28.36; 45,5.7 Han sende ein mann føre dei,
Josef vart seld som slave.
18 # 1 Mos 39,20 Dei tvinga føtene hans i lenkjer,
jern vart lagt om halsen,
19 # 1 Mos 40,20ff heilt til det han sa, vart oppfylt
og Herrens ord gav han rett.
20 # 1 Mos 41,14 Kongen sende bod og sette han fri,
han som herska over folka, sleppte han laus.
21 # 1 Mos 41,40f; 45,8 Han sette han til herre over sitt hus,
til herskar over all sin eigedom.
22 # 1 Mos 41,44 Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin vilje
og gje hans eldste sin visdom.
23 # 1 Mos 46,1ff # 105,23 Ham >78,51. Så kom Israel til Egypt,
Jakob vart innflyttar i Hams land.
24 # 2 Mos 1,7ff Han gjorde folket sitt fruktbart,
meir talrikt enn fienden.
25Han vende deira hug så dei hata hans folk
og fór med svik mot hans tenarar.
26 # 2 Mos 3,10ff Han sende Moses, sin tenar,
og Aron, som han hadde valt ut.
27 # 106,21f Dei gjorde hans under mellom dei
og teikn i Hams land.
28 # 2 Mos 10,22f Han sende mørker, og det vart mørkt.
Hadde dei ikkje trassa hans ord?
29 # 2 Mos 7,20f; Sal 78,44 Han gjorde vatnet til blod
og drap fisken.
30 # 2 Mos 8,2ff Det krydde av frosk i landet,
jamvel i kongens eigne rom.
31 # 2 Mos 8,17.24; Sal 78,45 Då han gav bod, kom det lus
og insekt i heile landet.
32 # 2 Mos 9,23ff Han gjorde regnet til hagl
og sende flammande eld i landet.
33Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,
han knuste kvart tre i landet.
34 # 2 Mos 10,12ff; Sal 78,46 Då han gav bod, kom det grashopper
og sirissar utan tal.
35Dei åt opp alt som voks i landet,
dei åt opp grøda på marka.
36 # 2 Mos 12,29; Sal 78,51 Gud slo alle førstefødde i landet,
førstegrøda av deira kraft.
37 # 2 Mos 12,35f Så førte han dei ut med sølv og gull,
ingen i stammane hans snubla.
38Det var glede i Egypt då dei drog ut,
landet var slege av redsle for dei.
39 # 2 Mos 13,21f Han breidde ut ei sky til å dekkja dei
og ein eld til å lysa om natta.
40 # 2 Mos 16,13ff; Sal 78,24 Då dei bad, sende han vaktlar
og metta dei med himmelbrød.
41 # 2 Mos 17,6; Sal 78,15f Han opna berget, og vatnet strøymde fram,
det rann som ei elv i det tørre landet.
42 # 1 Mos 15,13f; 2 Mos 2,24 For han kom i hug sitt heilage ord
til Abraham, sin tenar.
43Han lét folket sitt dra ut med glede,
sine utvalde med jubelrop.
44 # 44,3+ Han gav dei land som andre folk eigde,
dei overtok det andre hadde streva for,
45 # 78,7 så dei skulle halda hans forskrifter
og ta vare på hans lover.
Halleluja!

Currently Selected:

Salmane 105: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy