YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 8

8
Visdomen ropar
1 # 8,1 Visdomen >1,20. Høyr, Visdomen ropar,
forstanden lyfter si røyst.
2Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,
ved vegen, der stigane møtest.
3Ved portane inn til byen,
der folk går inn, ropar ho høgt:
4Eg ropar til dykk, de menn,
mi røyst når ut til menneska.
5 # 1,4 Lær dykk klokskap, de urøynde,
få forstand i hjartet, de dårar!
6Høyr, eg talar om det som er edelt,
frå leppene mine kjem ærlege ord.
7Tunga mi talar sanning,
og leppene avskyr urett.
8Kvart ord frå min munn talar om rettferd,
dei er ikkje svikefulle og falske.
9Dei er gode for den som forstår,
og rette for den som finn kunnskap.
10 # 3,14; 16,16 Ta imot mi formaning heller enn sølv
og kunnskap framfor utvalt gull.
11 # 3,15+ For Visdomen er betre enn perler,
av alle skattar er ingen som ho.
12Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap;
kunnskap og omtanke finst hos meg.
13 # 16,6 Å frykta Herren er å hata det vonde.
Eg hatar hovmod og stormod,
den vonde vegen og all svikefull tale.
14 # Jes 11,2–5 Meg høyrer råd og klokskap til,
innsikt er eg, og styrke har eg.
15Ved meg herskar kongar,
og fyrstar fastset kva som er rett.
16Ved meg rår fyrstar og stormenn,
alle som styrer rettferdig.
17 # Joh 14,21 Eg elskar dei som elskar meg,
og dei som leitar, finn meg.
18 # Ordt 3,16 Hos meg er velstand og prakt,
rettferd og varig rikdom.
19Mi frukt er betre enn det finaste gull,
den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.
20Eg går på rettferds veg,
held meg på dei rette stigar.
21Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,
og fyller skattkammera deira.
Opphavet til Visdomen
22 # Job 28,23ff; Ordt 3,19f; Joh 1,1–14; Kol 1,15–20; Hebr 1,3; Op 3,14 # 8,22–31 meg Visdomen. Herren bar meg fram som sitt første verk,
før hans gjerningar i fjerne tider.
23Frå eldgammal tid vart eg forma,
i opphavet, før jorda vart til.
24Eg vart fødd då djupa ikkje fanst
og dei vassrike kjeldene ikkje var til.
25 # Sal 90,2; Jes 43,13 Før fjella vart sette på plass,
før høgdene vart eg fødd.
26Han hadde enno ikkje laga jorda og marka
og dei første støvkorn på landjorda.
27Eg var der då han grunnfeste himmelen
og rissa opp himmelranda over djupet,
28då han gav kraft til skyene der oppe
og kjeldene i djupet fekk styrke,
29 # Job 38,10f; Sal 104,9 då han sette grense for havet
så vatnet stansa der han baud,
då han rissa opp grunnvollane under jorda.
30 # 8,30 byggmeister kan òg omsetjast «trufast ven». Jf. Op 3,14. Eg var byggmeister hos han.
Eg var til glede for han dag etter dag
og leika meg støtt for hans andlet.
31Eg leika på hans vide jord
og gledde meg med menneska.
32Så høyr no på meg, born!
Sæle er dei som følgjer mine vegar.
33Høyr på formaninga og bli vise,
forakt henne ikkje!
34Sælt er det mennesket som høyrer på meg,
som dagleg vaker ved dørene mine
og held vakt ved portane mine.
35 # 3,1ff; 12,2 For den som finn meg, finn livet
og vinn velvilje hos Herren.
36Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.
Alle som hatar meg, elskar døden.

Currently Selected:

Ordtaka 8: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy