YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 28

28
1 # 3 Mos 26,36f Den urettferdige rømmer
om ingen er etter han,
den rettferdige er uredd som ei ungløve.
2Eit land i opprør skifter ofte leiarar,
men under ein klok og forstandig mann har det ro og orden.
3Ein stormann som undertrykkjer fattige,
han er styrtregn som skyl bort brødkornet.
4Dei som går bort frå lova, prisar den urettferdige,
dei som held lova, går til strid imot dei.
5 # 1 Kor 2,14f Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett,
men dei som søkjer Herren, skjønar alt.
6 # 19,1 Betre å vera fattig og heil i si ferd
enn å vera rik og gå krokvegar.
7Den som held seg etter lova, er ein klok son;
den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.
8 # 2 Mos 22,25; 3 Mos 25,36; 5 Mos 23,19f; Sal 15,5; Ordt 13,22 Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift,
samlar til den som tek seg av dei fattige.
9 # Sal 66,18; Ordt 15,29; Jes 1,15; Joh 9,31 Når nokon vender øyret bort
og ikkje vil høyra på lova,
blir sjølv bøna hans avskyeleg.
10 # 26,27 Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,
han fell i si eiga grav,
men den som er heil, får ein god arv.
11Den rike er vis i eigne auge,
ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.
12 # 29,2 Når dei rettferdige jublar,
er det herlegdom og glans;
når dei urettferdige får makt,
held folk seg borte.
13 # Sal 32,5 Den som skjuler syndene sine,
skal ikkje lukkast;
den som vedkjenner og vender seg frå dei,
han finn miskunn.
14 # 10,27; 22,4 Sæl er den som alltid fryktar,
men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.
15Som brølande løve og slagbjørn i sprang
er ein urettferdig herskar for eit fattig folk.
16Ein uforstandig fyrste
aukar undertrykkinga;
den som hatar urett vinning,
får leva lenge.
17 # 1 Mos 4,10–12; 2 Mos 21,12 Den som er tyngd av blodskuld,
er på flukt heilt til grava,
ingen må hjelpa han.
18 # 10,9 Den som er heil i si ferd, blir berga,
men den som går krokvegar, fell i grava.
19 # 12,11 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,
den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.
20 # 13,11 Den trufaste får stor velsigning,
den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.
21 # 24,23 Det er gale å gjera skilnad på folk,
ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.
22 # 1 Tim 6,9 Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,
han skjønar ikkje
at han kjem til å lida naud.
23 # 25,12 Den som viser nokon til rette,
får sidan større takk
enn den som har ei glatt tunge.
24 # 20,20+ Den som plyndrar far sin og mor si
og seier: «Det er ikkje synd»,
han er jamgod med øydeleggjaren.
25 # 13,10; 15,18 Den grådige valdar trette,
den som stolar på Herren, blir mett.
26 # 3,5 Den som stolar på sitt eige vit, er ein dåre,
den som ferdast med visdom, bergar seg.
27 # 11,25; 22,9 Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud,
men den som vender auga bort,
blir forbanna av mange.
28Når dei urettferdige får makt, held folk seg borte,
når dei går til grunne, blir dei rettferdige mange.

Currently Selected:

Ordtaka 28: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy