YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 21

21
1 # Sal 33,15 Kongens hjarte er rennande vatn i Herrens hand;
han leier det dit han vil.
2 # 16,2 Ein mann kan synast at all hans ferd er rett,
men Herren prøver hjarta.
3 # 1 Sam 15,22; Jes 1,11+; Hos 6,6 Å gjera det som er rett og rettferdig,
er meir verdt for Herren enn offer.
4 # Sal 101,5; Ordt 13,9 Stolte auge og hovmodig hjarte –
lyset til dei urettferdige er synd.
5 # 10,4+ Det den flittige planlegg, gjev vinning,
men hastverk fører berre til tap.
6 # 10,2 Å skaffa seg skattar ved ei tunge som lyg,
er ein flyktig pust hos dei som søkjer døden.
7Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd,
for dei nektar å gjera det som er rett.
8Skuldtyngd mann går krokete vegar,
den som er rein, handlar rett.
9 # 25,24 Betre å bu i ein krok på taket
enn å vera i hus med trettekjær kvinne.
10Den lovlause har lyst til det vonde,
han viser ingen nåde mot sin neste.
11 # 19,25 Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok,
når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.
12Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus;
han støyter dei urettferdige ut i ulukke.
13Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik,
skal sjølv ropa utan å få svar.
14 # 17,8+ Ei gåve i løyndom mildnar vreide,
stikkpengar i lomma stiller stor harme.
15At ein gjer det rette,
er ei glede for den rettferdige,
men ei gru for dei som gjer urett.
16Den som villar seg bort frå klokskaps veg,
hamnar blant daudingar.
17 # 23,20f Den som elskar fest, blir fattig,
den som elskar vin og olje, blir aldri rik.
18 # 11,8 Den urettferdige er løysepenge for den rettferdige
og svikaren for dei rettskafne.
19 # 25,24 Betre å bu i ørkenlandet
enn med ei sint og trettekjær kvinne.
20Dyre skattar og olje finst der den vise bur,
dåren sløser bort alt.
21 # Matt 5,6 Den som jagar etter rettferd og godleik,
finn liv og rettferd og ære.
22 # Fork 9,16 Ein klok mann kan storma ein by full av heltar
og bryta byens sikre vern.
23 # 10,19+ Den som aktar sin munn og si tunge,
bergar sitt liv frå trengsler.
24Den frekke og stolte skal kallast ein spottar,
hovmodig og frekt fer han fram.
25 # 6,9ff Det den late ønskjer, fører til død,
for han vil ikkje arbeida med hendene.
26Han ønskjer og ønskjer dagen lang,
men den rettferdige gjev og sparer ikkje.
27 # 15,8; Jes 1,11–15 Avskyeleg er offer frå urettferdige,
og endå meir når dei ber det fram med vondt i tankar.
28 # 19,5+ Eit falskt vitne går til grunne,
men den som høyrer etter, vil alltid få ordet.
29Den urettferdige går med frekk mine,
den rettskafne er stø i si ferd.
30 # Job 5,12f Ingen visdom, inga innsikt eller råd
kan stå seg framfor Herren.
31 # Sal 33,17; Hos 1,7 Hesten blir gjord klar til stridens dag,
men det er Herren som gjev siger.

Currently Selected:

Ordtaka 21: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy