YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 7

7
Gåver frå leiarane
1 # 2 Mos 40,17ff Då Moses var ferdig med å reisa bustaden, salva og helga han bustaden og alle tinga som høyrde til. Altaret og tinga som høyrde til det, salva og helga han. 2#1,4–16 Då kom leiarane i Israel fram, dei som var overhovud for familiane og leiarar for stammane, dei som stod over alle som var mønstra. 3Dei førte offera sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to leiarar og ein okse for kvar av dei. Desse førte dei fram til bustaden.
4 Herren sa til Moses: 5#3,21–37; 4,4–33 «Ta imot desse! Dei skal brukast til arbeidet ved teltheilagdomen. Gjev dei til levittane, til kvar einskild etter det arbeidet han har.»
6Moses tok vognene og oksane og gav dei til levittane. 7Han gav Gersjon-sønene to vogner og fire oksar, etter det arbeidet dei hadde. 8Han gav Merari-sønene fire vogner og åtte oksar, etter det arbeidet dei hadde hos Itamar, son til Aron, presten. 9Han gav ikkje noko til Kehat-sønene, for dei skulle ta vare på det heilage og bera det på akslene.
10 # Esek 43,18–26 Leiarane kom med offer til vigslinga av altaret då det vart salva, og bar offera sine fram til altaret. 11Då sa Herren til Moses: «Leiarane skal koma kvar sin dag og ofra offera sine til vigslinga av altaret.»
12Den som bar fram offeret sitt første dagen, var Nahsjon, son til Amminadab, frå Juda-stammen. 13#7,13 130 sjekel ca. 1560 g. 70 sjekel ca. 840 g. >3,47. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, og ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 14#7,14 10 sjekel ca. 120 g. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 15ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 16ein geitebukk til syndoffer 17og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Nahsjon, son til Amminadab.
18Andre dagen kom Netanel, son til Suar, leiaren for Jissakar. 19Han bar fram offeret sitt: eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 20ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 21ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 22ein geitebukk til syndoffer 23og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Netanel, son til Suar.
24Tredje dagen kom leiaren for Sebulon-sønene, Eliab, son til Helon. 25Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 26ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 27ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 28ein geitebukk til syndoffer 29og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eliab, son til Helon.
30Fjerde dagen kom leiaren for Ruben-sønene, Elisur, son til Sjede'ur. 31Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 32ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 33ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 34ein geitebukk til syndoffer 35og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisur, son til Sjede'ur.
36Femte dagen kom leiaren for Simon-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai. 37Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 38ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 39ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 40ein geitebukk til syndoffer 41og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.
42Sjette dagen kom leiaren for Gad-sønene, Eljasaf, son til De'uel. 43Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 44ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 45ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 46ein geitebukk til syndoffer 47og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eljasaf, son til De'uel.
48Sjuande dagen kom leiaren for Efraim-sønene, Elisjama, son til Ammihud. 49Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 50ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 51ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 52ein geitebukk til syndoffer 53og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisjama, son til Ammihud.
54Åttande dagen kom leiaren for Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur. 55Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 56ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 57ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 58ein geitebukk til syndoffer 59og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Gamliel, son til Pedasur.
60Niande dagen kom leiaren for Benjamin-sønene, Abidan, son til Gidoni. 61Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 62ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 63ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 64ein geitebukk til syndoffer 65og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Abidan, son til Gidoni.
66Tiande dagen kom leiaren for Dan-sønene, Ahieser, son til Ammisjaddai. 67Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 68ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 69ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 70ein geitebukk til syndoffer 71og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahieser, son til Ammisjaddai.
72Ellevte dagen kom leiaren for Asjer-sønene, Pagiel, son til Okran. 73Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 74ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 75ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 76ein geitebukk til syndoffer 77og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Pagiel, son til Okran.
78Tolvte dagen kom leiaren for Naftali-sønene, Ahira, son til Enan. 79Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 80ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 81ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 82ein geitebukk til syndoffer 83og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahira, son til Enan.
84Dette var gåvene frå leiarane i Israel til vigslinga av altaret, den dagen det vart salva: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler. 85#7,85 2400 sjekel ca. 28,8 kg. >3,47. Kvart sølvfat var på 130 sjekel og kvar sølvskål på 70 sjekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2400 sjekel etter vekta i heilagdomen. 86#7,86 120 sjekel ca. 1440 g. Dei tolv gullskålene som var fulle av røykjelse, vog 10 sjekel kvar etter vekta i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sjekel. 87All buskapen som gjekk med til brennoffer, var 12 oksar, 12 vêrar og 12 årsgamle vêrlam med dei grødeoffera som høyrde til, og 12 geitebukkar til syndoffer. 88All buskapen som gjekk med til fredsoffer, var 24 oksar, 60 vêrar, 60 bukkar og 60 årsgamle vêrlam. Det var gåvene som vart framborne då altaret vart salva og vigsla.
89 # 2 Mos 25,20–22; Sal 80,2 Når Moses gjekk inn i teltheilagdomen og skulle snakka med han, høyrde han røysta tala til seg frå soningsstaden over kista med vitnemålet, mellom dei to kjerubane. Der tala han til han.

Currently Selected:

4. Mosebok 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy