YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 17

17
Arons stav som blømde
1 Herren sa til Moses: 2Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, ein stav for kvar stamme. Av leiaren for kvar stamme skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans. 3På staven frå Levi skal du skriva Arons namn, for det skal vera ein stav for kvar av leiarane for familiane. 4#2 Mos 16,34; 25,16.22#17,4 vitnemålet paktkista, som dei to steintavlene var i. =Guds bustad. Legg stavane i teltheilagdomen framfor vitnemålet, der eg møter dykk. 5#16,5 Der skal staven til den mannen eg vel ut, setja friske skot. Så blir eg kvitt all klaginga frå israelittane.
6Moses tala til israelittane. Og alle leiarane for stammane gav han kvar sin stav, ein stav for kvar stamme, tolv stavar i alt. Mellom dei var staven til Aron. 7Moses la stavane ned for Herrens andlet i teltet med vitnemålet. 8Det vart morgon neste dag. Då kom Moses inn i vitnemålsteltet, og sjå, Arons stav, staven for Levis hus, hadde sett friske skot. Han hadde fått knoppar, blømde og bar mandlar. 9Moses bar alle stavane bort frå Herrens andlet og ut til israelittane. Dei såg på dei, og alle tok kvar sin stav.
10 # Hebr 9,4 # 17,10 vitnemålet >4,5. Herren sa til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor vitnemålet! Den skal takast vare på som eit teikn for dei som vil gjera opprør. Slik skal du stansa murringa deira, så dei ikkje må døy.» 11Moses gjorde dette. Han gjorde slik Herren hadde pålagt han. 12Men israelittane sa til Moses: «Vi går jo til grunne! Vi er fortapte alle saman, vi er fortapte! 13Kvar den som vågar å koma nær til Herrens bustad, døyr. Skal vi gå fullstendig til grunne?»

Currently Selected:

4. Mosebok 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy