YouVersion Logo
Search Icon

Nehemja 4

4
Judearane møter motstand
1 # 2,19 # 4,1 Sanballat >2,10. Då Sanballat høyrde at vi heldt på å byggja opp muren, vart han sint; han var frå seg av raseri. Han spotta judearane 2og sa til landsmennene sine og til hæren i Samaria: «Kva er det desse elendige judearane driv på med? Skal dei byggja opp att, ofra og fullføra på éin dag? Kan dei gjera dei brende steinane i grushaugane levande?» 3Ammonitten Tobia, som var saman med han, sa: «Lat dei byggja så mykje dei vil! Berre ein rev hoppar oppå, riv han steinmuren ned.»
4«Høyr, vår Gud, korleis vi blir hånte! Lat spotten koma att over deira eigne hovud. Lat dei bli plyndra og førte som fangar til framandt land! 5Dekk ikkje over skulda deira, og lat ikkje synda bli viska ut for ditt andlet. Dei har krenkt bygningsmennene.»
6Så bygde vi opp att muren i halv høgd heilt rundt, og folket la hjartet sitt i arbeidet.
7 # 4,7 asjdodittane innbyggjarar i den gamle filistarbyen Asjdod, som på denne tid var hovudstad i provinsen Asjdod. Då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og asjdodittane fekk høyra at gjenreisinga av murane omkring Jerusalem gjekk framover, og at rivnene no var i ferd med å fyllast, vart dei rasande. 8Alle slo seg saman for å gå til krig mot Jerusalem og skapa forvirring der. 9Men vi bad til vår Gud og sette vakt på murane både dag og natt for å halda dei borte.
10Då sa dei i Juda: «Dei som ber, har ikkje meir krefter. Det er for mykje grus. Vi maktar ikkje å byggja muren.» 11Og motstandarane våre sa: «Før dei veit om det eller legg merke til det, skal vi vera blant dei, drepa dei og gjera slutt på arbeidet.» 12Når judearane som budde nær dei, kom til oss, sa dei gong på gong: «Dei kjem imot oss frå alle kantar.»
13Så lét eg folket stilla seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei stilla seg opp slekt for slekt med sverd, spyd og bogar. 14Då eg hadde sett på dette, reiste eg meg og sa til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og skremmande, og kjemp for brør, søner og døtrer, kvinner og heimar!»
15 # Job 5,12 Fiendane våre fekk no høyra at vi kjende til planen deira, og at Gud hadde hindra han. Då vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid. 16Frå den dagen arbeidde halvparten av dei unge mennene mine på muren, medan den andre halvparten stod med piler, skjold, bogar og brynjer. Leiarane stod bak heile Juda-folket 17som bygde på muren. Berarane gjorde arbeidet sitt ved å bera med den eine handa og halda våpenet med den andre. 18Kvar bygningsmann hadde sverdet fest ved hofta medan han bygde. Hornblåsaren stod ved sida av meg.
19Då sa eg til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidt, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre. 20#2 Mos 14,14+ Om de høyrer lyden av hornet, skal de samla dykk omkring oss. Vår Gud vil kjempa for oss.» 21Vi heldt fram med arbeidet, frå morgonròden viste seg til stjernene kom fram, medan halvparten stod med spyda sine. 22Samstundes sa eg til folket: «Kvar mann og hans tenestefolk må vera over i Jerusalem så dei kan halda vakt om natta og arbeida om dagen.» 23Sjølve kom vi aldri ut av kleda, korkje eg eller brørne mine, tenestefolka eller vaktmennene som følgde meg. Kvar mann hadde våpen i høgre hand.

Currently Selected:

Nehemja 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy