YouVersion Logo
Search Icon

Nehemja 2

2
Nehemja får dra til Jerusalem
1 # 2,1 nisan =tidsrekning. Det var i månaden nisan i det tjuande året til kong Artaxerxes. Eg tok vinen som stod framfor kongen, og gav han. Han hadde aldri før sett meg nedtrykt. 2Kongen sa til meg: «Kvifor ser du så nedtrykt ut? Du er då ikkje sjuk? Dette kan ikkje vera anna enn hjartesorg.» Eg vart svært redd 3#1,3 og sa til kongen: «Lenge leve kongen! Skulle eg ikkje sjå nedtrykt ut når byen der fedrane mine er gravlagde, ligg aud og portane er herja av eld?» 4Kongen sa til meg: «Kva ønskjer du?» Eg bad til himmelens Gud. 5Så sa eg til kongen: «Om kongen finn det for godt og han synest godt om tenaren sin, så send meg til Juda, til byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.» 6Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han: «Kor lenge kjem reisa di til å vara, og når kjem du att?» Kongen godtok tida eg nemnde, og sende meg av stad.
7Eg sa til han: «Om kongen finn det for godt, så send med meg brev til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom til eg kjem til Juda, 8og også eit brev til Asaf, vaktaren for kongens parkar, slik at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane i tempelborga, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen gjorde dette, for min Gud heldt si gode hand over meg.
9Eg kom til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat og gav dei breva frå kongen. Kongen hadde sendt med meg hærførarar og ryttarar. 10#2,10 Sanballat persisk statthaldar i provinsen Samaria. Horonitten Sanballat og ammonitten Tobia, tenestemannen, fekk høyra dette. Dei tok det ille opp at det hadde kome ein mann som ville israelittane vel.
Nehemja inspiserer bymuren
11Så kom eg til Jerusalem. Då eg hadde vore der i tre dagar, 12tok eg ut om natta saman med nokre få menn. Eg hadde ikkje fortalt noko menneske kva min Gud hadde lagt meg på hjartet å gjera for Jerusalem. Eg hadde ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på. 13#2 Krøn 26,9 Eg drog ut gjennom Dalporten om natta, forbi Drakekjelda og til Møkkporten. Eg inspiserte Jerusalems murar, som var nedbrotne, og portane som var herja av eld. 14Eg drog vidare til Kjeldeporten og Kongedammen, men der var det ikkje plass nok til at dyret som eg reid på, kunne koma forbi. 15Eg heldt fram opp gjennom dalen om natta og inspiserte muren. Deretter snudde eg og kom tilbake gjennom Dalporten.
16Stormennene visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg hadde gjort. Heilt til då hadde eg ikkje fortalt det til judearane, verken til prestane, dei fremste, stormennene eller dei andre som skulle gjera arbeidet. 17Men no sa eg til dei: «De ser kor ille vi har det her. Jerusalem ligg i ruinar, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger må leva i vanære.» 18Eg fortalde dei òg korleis Gud heldt si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Lat oss gå i gang med å byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket.
19Då horonitten Sanballat, ammonitten Tobia, tenestemannen, og arabaren Gesjem høyrde dette, spotta og hånte dei oss. Dei sa: «Kva er det de held på med? Gjer de opprør mot kongen?» 20#Ef 2,12 Eg svara dei: «Himmelens Gud vil la oss lukkast. Vi, tenarane hans, skal gå i gang med å byggja. Men de har ingen del, ingen rett og inga historie i Jerusalem.»

Currently Selected:

Nehemja 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy