YouVersion Logo
Search Icon

Markus 15

15
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2.11–26; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)
1 # Luk 22,66 # 15,1 Pilatus romersk embetsmann som styrte provinsen Judea 26–36 e.Kr. =rike. Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.
2Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 3Overprestane kom no med mange skuldingar mot han. 4Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.» 5#Jes 53,7; Mark 14,60f Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
6Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om. 7#15,7 Barabbas Nokre handskrifter har «Jesus Barabbas». >Matt 27,16. nokre andre opprørarar Formuleringa synest å byggja på at oppstanden var kjend. Barabbas kan ha vore innblanda i den antiromerske verksemda som stadig loga opp (jf. Luk 13,1), og som enda med den jødiske krigen og øydelegginga av Jerusalem i år 70. Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på. 8Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane. 9Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» 10For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han. 11#Apg 3,13f Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri. 12Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?» 13#15,13 Krossfest =dødsstraff. «Krossfest han!» skreik dei tilbake. 14«Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» 15Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.
Soldatane spottar Jesus
(Matt 27,27–31; Joh 19,2–3)
16 # 15,16 pretoriet er eit lat. lånord, praetorium, i den gr. teksten nytta som namn på residensen til den romerske landshovdingen. Det same ordet er i Matt 27,27 omsett med «borga». vaktstyrken Romarane hadde ei eiga hæravdeling stasjonert i Jerusalem for å sikra ro og orden under dei store høgtidene. =vaktstyrken. Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken. 17Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. 18Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 19Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. 20Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.
Jesus blir krossfest
(Matt 27,32–44; Luk 23,26–43; Joh 19,17–27)
Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han. 21#Rom 16,13#15,21 bera krossen hans truleg tverrbjelken, som dødsdømde fangar måtte bera. >8,34. Aleksander og Rufus truleg kjende namn i urkyrkja. Rufus kan vera den same som er nemnd i Rom 16,13. Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. 22Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. 23#15,23 vin med myrra i Blanda i vinen hadde myrra (>Matt 2,11) ein døyvande verknad. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. 24#Sal 22,19 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha. 25#15,25 den tredje timen ca. kl. 9. =tidsrekning. Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. 26Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».
27Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28#Jes 53,12#15,28 Såleis … lovbrytarar Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Luk 22,37. {{Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.}} 29#Sal 22,8; 109,25; Mark 14,58 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
Jesus døyr
(Matt 27,45–56; Luk 23,44–49; Joh 19,28–30)
33 # Am 8,9 # 15,33 den sjette timen ca. kl. 12. den niande timen ca. kl. 15. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. 34#Sal 22,2#15,34 Eloï … sabaktáni Sitatet er her attgjeve i aram. form. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»
Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 35Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36#Sal 69,22#15,36 vineddik sur vin blanda med vatn, brukt som leskedrikk av soldatar og arbeidsfolk. Jf. Rut 2,14. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.» 37Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38#2 Mos 26,31ff#15,38 forhenget i tempelet truleg forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage i tempelet. Jf. 2 Mos 26,31–33; Hebr 9,3. =Guds bustad. Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. 39Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»
40 # 15,40 Maria, mor til … og Joses kan òg sikta til to ulike personar: Maria og Joses. Joses (Mark 6,3; 15,47) er ei kortform av namnet Josefos. Jf. Matt 27,56. Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. 41Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
Jesus blir gravlagd
(Matt 27,57–61; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)
42 # 5 Mos 21,22f # 15,42 førebuingsdagen namnet på vekedagen fredag, då folk førebudde seg til sabbaten. =festar og høgtider. Jf. Matt 27,62. Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. 43Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. 44Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge. 45Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket. 46Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga. 47Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Currently Selected:

Markus 15: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy