YouVersion Logo
Search Icon

Markus 10

10
Ekteskap og skilsmisse
(Matt 19,1–9)
1 # 10,1 landet bortanfor Jordan >3,8. Så tok han ut derifrå og kom til Judea og til landet bortanfor Jordan. Folket samla seg atter omkring han, og han underviste dei, slik han hadde for vane. 2Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3«Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus. 4#5 Mos 24,1; Matt 5,31f Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6#1 Mos 1,27 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. 7#1 Mos 2,24Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, 8og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. 9Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»
10Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette. 11#Matt 5,32; Luk 16,18; 1 Kor 7,10f Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den første. 12Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»
Jesus og borna
(Matt 19,13–15; Luk 18,15–17)
13Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. 14Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 15#Matt 18,3 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» 16Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.
Jesus og den rike mannen
(Matt 19,16–30; Luk 18,18–30)
17Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 18Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 19#2 Mos 20,12ff Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.» 20Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» 21#Matt 6,19ff Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 # 4,19 Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!» 24#10,24 for dei … rikdom Orda manglar i nokre handskrifter. Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike {{for dei som set si lit til rikdom}}. 25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?» 27#1 Mos 18,14; Job 42,2; Mark 14,36; Luk 1,37 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»
28Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.» 29Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld 30utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv. 31Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
(Matt 20,17–19; Luk 18,31–34)
32Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var urolege, og dei som følgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv omkring seg og tok til å fortelja dei kva som skulle henda han: 33#8,31; 9,31 «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane, 34#Hos 6,2; Matt 16,21+ og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»
Ikkje råda, men tena
(Matt 20,20–28)
35Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.» 36«Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han. 37Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.» 38#14,36; Luk 12,50; Joh 18,11 «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?» 39#Apg 12,2 «Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med. 40Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.»
41Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på Jakob og Johannes. 42#Luk 22,25ff Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. 43#Matt 23,11; Mark 9,35; Joh 13,14f Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar, 44og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle. 45#1 Kor 1,6.20; Fil 2,5ff; 1 Tim 2,6; 1 Pet 1,18#10,45 løysepenge summen ein måtte betala for å fria ut ein person som var skuldig til døden, eller for å kjøpa fri ein slave. =slektssamfunn og justis. For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»
Den blinde Bartimeus
(Matt 20,29–34; Luk 18,35–43)
46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. 47#10,47 Davids son ei nemning på den salvevigde frelsarkongen. miskunna deg gr. eleison. >Matt 17,15. Jf. Matt 9,27; 15,22; 20,30f; Mark 10,48; Luk 16,24; 17,13; 18,38f. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 48Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 49Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.» 50Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus. 51#10,51 Rabbuni variant av «rabbi», kanskje med ein særleg respektfull og høgtideleg klang. Jf. Joh 20,16. >9,5. «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!» 52#Matt 9,22; Mark 5,34; Luk 7,50; 8,48; 17,19 Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.

Currently Selected:

Markus 10: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy