YouVersion Logo
Search Icon

Mika 5

5
Fredsfyrsten frå Betlehem
1 # 2 Sam 7,8.13; Jes 9,6; 11,1; Matt 2,1.6; Joh 1,1; 7,42 # 5,1 Efrata namn på Betlehem, etter ein stamme som budde der. Jf. 1 Mos 35,16; Rut 1,2; 1 Sam 17,12. herskar over Israel David var av Efrat-slekta i Betlehem (1 Sam 17,12), og frå Davids ætt skulle ein konge (Messias) koma i framtida. Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.
2 # Jes 7,14; Mi 4,9f Difor skal han overgje dei,
heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.
Då skal resten av brørne hans
koma tilbake til Israels born.
3 # Esek 34,23ff; Mi 4,4; Joh 10,1ff Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,
i Herren sin Guds høge namn.
Og dei skal bu trygt,
for no rekk hans makt til endane av jorda.
4 # Jes 9,6; Ef 2,14 Og han skal vera fred.
Når assyrarane kjem inn i landet vårt
og trakkar inn i borgene våre,
då reiser vi imot dei
sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.
5 # 5,5 Nimrod vart halden for den som grunnla kongedømet i Babel og Assur. Jf. 1 Mos 10,8–12. Dei skal gjeta Assurs land med sverd,
ja, Nimrods land med dregne våpen.
Men når assyrarane kjem inn i landet vårt
og trakkar over grensene våre,
skal han berga oss.
6 # 2 Sam 17,12; Jes 4,3 Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslag
vera som dogg frå Herren,
som regn på graset.
Dei ventar ikkje på nokon mann,
set ikkje si von til menneske.
7Då skal Jakobs rest blant folka,
midt iblant talrike folkeslag,
vera som ei løve blant dyra i skogen,
som ei ungløve i saueflokkar.
Ho fer fram og trakkar ned,
ho riv i hel, og ingen bergar.
8Lyft handa di mot dei som står deg imot,
så alle dine fiendar blir utrydda!
Byane skal utslettast
9Den dagen, seier Herren,
vil eg utrydda hestane du har,
og øydeleggja vognene dine.
10Eg vil utsletta byane i landet ditt
og riva ned alle festningane dine.
11 # 5 Mos 18,10f Eg vil utrydda trolldomskunstene du driv med,
og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.
12 # Jes 31,7; Sak 13,2 Eg vil utrydda gudebileta
og steinstøttene du har.
Du skal ikkje lenger tilbe
noko hendene dine har laga.
13Eg vil riva opp Asjera-pålane som er hos deg,
og leggja byane dine aude.
14Eg vil ta hemn i vreide og harme
over folkeslag som ikkje vil høyra.

Currently Selected:

Mika 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy