YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 4

4
Jesus blir freista
(Mark 1,12–13; Luk 4,1–13)
1 # Hebr 2,18; 4,15 # 4,1 freista han kan òg omsetjast «setja han på prøve». =djevelen. Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. 2#2 Mos 34,28; 1 Kong 19,8 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. 3#27,40 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» 4#5 Mos 8,3; Joh 4,34 Jesus svara: «Det står skrive:
Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren 6#Sal 91,11f og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg.
Og:
Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7 # 5 Mos 6,16 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom 9og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» 10#5 Mos 6,13; Matt 16,23 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
11 # Hebr 1,14 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.
Jesus tek til med si gjerning
(Mark 1,14–15; Luk 4,15–16)
12 # 11,2; 14,3 Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea. 13#Jos 19,10–16.32–39; Luk 4,31; Joh 2,12 Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land. 14Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
15 # Jes 9,1f # 4,15 bortanfor Jordan >4,25. Sebulons og Naftalis land,
ved vegen til havet,
bortanfor Jordan,
heidningars Galilea,
16 # Luk 1,78f; Joh 1,9; 8,12 det folket som bur i mørker,
har sett eit stort lys,
over dei som bur i dødsskuggens land,
har lyset stråla fram.
17 # 3,2+; 10,7 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
Dei første læresveinane
(Mark 1,16–20; Luk 5,1–11)
18 # 4,18 Galileasjøen innsjø som andre stader blir kalla Gennesaretsjøen (jf. Luk 5,1) eller Tiberiassjøen (jf. Joh 6,1; 21,1). not Fiskarane brukte ei lita, rund kastenot (3–5 m i tverrsnitt) som dei kasta frå land ut over ein fiskestim nær stranda. =fiske. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar. 19#13,47 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 20#19,27 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.
21Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei, 22og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.
Jesus forkynner og lækjer
(Mark 1,39; 3,7–10; Luk 4,44; 6,17–19)
23 # 3,2+; 9,35 # 4,23 synagogane samlingsstadene til jødane. =synagoge. Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket.
24 # 12,15; 14,35; Apg 10,38 # 4,24 månesjuke menneske med sjukdom som dei trudde vart påverka av månefasane. Jf. 17,15. Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei. 25#4,25 Dekapolis gr. for «ti byar». Namn på eit forbund av byar med gresk kultur i området aust og søraust for Gennesaretsjøen. bygdene bortanfor Jordan området aust og nordaust for Daudehavet, òg kalla Perea. Ei stor folkemengd følgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene bortanfor Jordan.

Currently Selected:

Matteus 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy