YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 16

16
Krav om teikn
(Mark 8,11–13; Luk 12,54–56)
1 # 12,38; Luk 11,16; Joh 6,30f Farisearane og saddukearane kom til han. Dei ville setja han på prøve og bad han visa dei eit teikn frå himmelen. 2#16,2–3 V. 2–3 manglar i dei eldste handskriftene. Men han svara: {{«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’, 3og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.}} 4#12,39f Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.
Den farlege surdeigen
(Mark 8,14–21)
5Då dei fór over til den andre sida, hadde læresveinane gløymt å ta med brød. 6#Luk 12,1f Jesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 7Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.» 8Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød – de lite truande! 9#14,17ff; 15,16 Skjønar de enno ingenting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att? 10#15,34ff Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att? 11Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 12Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.
Peters vedkjenning
(Mark 8,27–30; Luk 9,18–21)
13Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14#14,2; 21,11+; Mark 6,14f Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16#14,33+; Joh 6,69; 11,27; 1 Joh 4,15#16,16 Messias frelsarkongen jødane venta på. =Jesu titlar. Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17#11,27; Gal 1,15f#16,17 kjøt og blod gr. sarks, «kjøt», brukt om menneske eller det menneskelege som motsetning til Gud. =kjøt, kjøt og blod. Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18#Ef 2,20#16,18 Peter gr. attgjeving av aram. kefa, «berg». Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19#Matt 18,18; Joh 20,23; Op 3,7#16,19 bind … løyser Dei gr. orda blir brukte om å halda fast eller tilgje synd. Jf. Joh 20,23. I rabbinsk tradisjon kan tilsvarande uttrykk brukast om å forby eller stadfesta som tillate. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20#8,4+; 17,9 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.
Jesus talar om at han skal døy og stå opp att
(Mark 8,31–33; Luk 9,22)
21 # Hos 6,2; Matt 17,22f; 20,18f; 27,63f; Luk 24,7.46; Apg 10,40; 1 Kor 15,4 # 16,21 tredje dagen Denne teljemåten inneber at både dagen då Jesus døyr, og dagen då han står opp, blir rekna med. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23#4,10 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»
Å følgja Jesus
(Mark 8,34–9,1; Luk 9,23–27)
24 # 10,38f; Luk 14,27 # 16,24 ta krossen sin opp >10,38. Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25#Luk 17,33; Joh 12,25 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26#Sal 49,8ff; Matt 4,8f Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27#Sal 62,13; Ordt 24,12; Matt 25,31; Rom 2,6+; Op 22,12 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort. 28#24,34 Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

Currently Selected:

Matteus 16: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy