YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 14

14
Herodes og døyparen Johannes
(Mark 6,14–29; Luk 9,7–9; 3,19–20)
1 # 14,1 landsfyrsten Herodes Herodes Antipas, son til Herodes den store. Styrte Galilea og Perea i 4 f.Kr.–39 e.Kr. =Herodes-slekta. På den tid fekk landsfyrsten Herodes høyra gjetordet om Jesus. 2Då sa han til tenarane sine: «Det er døyparen Johannes. Han er reist opp frå dei døde, difor er desse kreftene verksame i han.» 3#4,12 Herodes hadde gripe Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette gjorde han for Herodias' skuld, ho som hadde vore gift med Filip, bror hans. 4#3 Mos 18,16; 20,21 For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.» 5#11,9; 14,5; 21,26; Luk 1,76f Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet. 6Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette 7at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om. 8Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.» 9Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det, 10og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet. 11Så vart hovudet hans bore inn på eit fat og gjeve til jenta, og ho gjekk til mor si med det. 12Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.
Jesus mettar fem tusen
(Mark 6,30–44; Luk 9,10–17; Joh 6,1–13)
13Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane. 14#14,14 fekk inderleg medkjensle >9,36. Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.
15 # 15,32ff Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.» 16«Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!» 17«Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei. 18Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!» 19#26,26+#14,19 bad takkebøna Det var jødisk skikk å be ei fast bordbøn. Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket. 20#2 Kong 4,43f Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger. 21Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.
Jesus går på vatnet
(Mark 6,45–52; Joh 6,16–21)
22Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. 23#Luk 5,16; 6,12 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.
Då det leid til kvelds, var han der åleine. 24Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. 25#14,25 den fjerde nattevakta dei tre siste timane før soloppgang. =tidsrekning. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26#Luk 24,37 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik. 27#14,27 Det er eg kan òg omsetjast «Eg er». =Jesu titlar. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
28Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» 29«Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. 30#8,25f Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» 31Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» 32Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. 33#16,16; 27,54; Joh 1,49 Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
Sjuke blir borne til Jesus
(Mark 6,53–56)
34Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret. 35#4,24 Folket der på staden kjende han att og sende bod rundt i heile området, og dei kom til han med alle som var sjuke. 36#9,21; Luk 6,19#14,36 dusken på kappefliken >9,20. Dei bad om at dei berre måtte få ta i dusken på kappefliken hans. Og alle som gjorde det, vart friske.

Currently Selected:

Matteus 14: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy