YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 12

12
Jesus og sabbaten
(Mark 2,23–3,6; Luk 6,1–11)
1 # 5 Mos 23,25 På den tid tok Jesus vegen langsmed kornåkrane på sabbaten. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta. 2#2 Mos 20,8ff; Joh 5,10 Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!» 3#1 Sam 21,1ff Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han svalt, både han og mennene hans? 4#3 Mos 24,8f#12,4 Guds hus her ein heilagdom i Nob like ved Jerusalem. Jf. 1 Sam 21,1. skodebrøda brød som skulle liggja framme i heilagdomen som ei offergåve til Herren. Dei vart skifte ut kvar sabbat og kunne då etast av prestane. Jf. 3 Mos 24,5–9; 1 Sam 21,1–6. =offer og soning. Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane. 5#4 Mos 28,9 Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat bryt sabbaten i tempelet og likevel er utan skuld? 6Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet! 7#Hos 6,6; Matt 9,13 Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause. 8For Menneskesonen er herre over sabbaten.»
9Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira. 10#Luk 6,9; 13,14ff; 14,3; Joh 5,16; 9,14.16 Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for. 11#Luk 14,5; Joh 9,16 Han svara: «Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp? 12Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten.» 13Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Han så gjorde, og handa vart god, like frisk som den andre. 14Men farisearane gjekk ut og la planar mot han for å ta livet av han. 15#4,24 Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå.
Jesus, Herrens tenar
Store flokkar følgde han, og han lækte dei alle. 16#8,4+ Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera kjent kven han var, 17så det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
18 # Jes 42,1ff; Matt 3,16f Sjå, min tenar som eg har valt ut,
han som eg elskar, i han har eg mi glede.
Eg vil leggja min Ande på han,
han skal kunngjera retten for folkeslaga.
19 Han skal ikkje tretta og ikkje ropa,
og ingen skal høyra hans røyst i gatene.
20 Han skal ikkje bryta eit knekt siv
og ikkje sløkkja ein rykande veike
før han har ført retten fram til siger.
21 Og til hans namn skal folkeslaga setja si von.
Jesu makt over vonde ånder
(Mark 3,22–30; Luk 11,14–23; 12,10)
22 # 9,32ff Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23#1,1+ Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?» 24#12,24 Beelsebul >10,25. Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.» 25Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande. 26Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande? 27#Apg 19,13ff Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 28#Apg 10,38 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk. 29#Jes 49,24f Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30#Mark 9,40 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31 # Hebr 6,4ff; 10,26; 1 Joh 5,16 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
Treet og fruktene
(Luk 6,43–45)
33 # 7,16ff Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.
34 # 3,7; 15,18+; 23,33 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen. 35Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
36 # Jak 3,2ff Det seier eg dykk: Kvart unyttig ord som folk seier, skal dei svara for på dommedag. 37For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.»
Ei vond ætt krev teikn
(Mark 8,11–12; Luk 11,29–32.24–26)
38 # 16,1; 21,23; Joh 2,18; 4,48; 6,30; 1 Kor 1,22 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til orde og sa: «Meister, vi vil sjå deg gjera eit teikn.» 39Han svara: «Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40#Jona 2,1; Matt 16,21+ For slik profeten Jona var i buken på den store fisken i tre dagar og tre netter, slik skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jorddjupet. 41#Jona 3,5 Folk frå Ninive skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona! 42#1 Kong 10,1ff; Matt 12,6#12,42 Dronninga … i sør dronninga av Saba. Jf. 1 Kong 10,1–13. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!
43Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. 44Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå.’ Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og pynta. 45#2 Pet 2,20 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første. Slik kjem det òg til å gå med denne vonde slekta.»
Jesu sanne familie
(Mark 3,31–35; Luk 8,19–21)
46 # 13,55+ Medan han heldt på og tala til folket, kom mor hans og syskena hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne snakka med han. 47#12,47 Verset manglar i nokre gamle handskrifter. {{Då var det ein som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil snakka med deg.»}} 48Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er syskena mine?» 49#12,49 syskena mine =sysken. Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 50#Joh 15,14; Hebr 2,11 For den som gjer det Far min i himmelen vil, er bror min, syster mi og mor mi.»

Currently Selected:

Matteus 12: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy