YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 17

17
Forføring og tilgjeving
(Matt 18,6–7.21–22; Mark 9,42)
1Han sa til læresveinane sine: «Det må koma forføringar, noko anna er ikkje råd. Men ve den som forføringane kjem ifrå! 2Det var betre for han å bli kasta i havet med ein møllestein om halsen enn at han skulle lokka ein av desse små til fall. 3#3 Mos 19,17f; Matt 18,15; Gal 6,1; Jak 5,19f Ta dykk i vare!
Syndar bror din, så tal han til rette, og angrar han, så tilgjev han. 4Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: ‘Eg angrar’, så skal du tilgje han.»
Tru og teneste
5Apostlane sa til Herren: «Gjev oss større tru!» 6#Matt 17,20; 21,21; Mark 11,23; 1 Kor 13,2#17,6 sennepsfrø >13,19. Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: ‘Rykk deg opp og slå rot i havet!’ Og det skulle lyda dykk.
7Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’ 8Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’ 9#17,9 det … pålagd Nokre handskrifter legg til i slutten av verset: «Det trur eg ikkje.» Takkar han tenaren for at han gjorde det han var pålagd? 10#1 Kor 9,16 På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»
Den takksame samaritanen
11 # 9,51+ # 17,11 grenselandet … Galilea Jesus lét kanskje vera å fara den stuttaste vegen søretter gjennom Samaria, jf. 9,52f. I grenseområdet vende han i staden austetter og følgde Jordan-dalen vidare, jf. 18,35. Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12#3 Mos 13,46 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13#17,13 miskunna deg gr. eleison. >16,24. og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14#Matt 8,4; Luk 5,14 Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, 16kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» 19#7,50+ Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»
Når Guds rike kjem
(Matt 24,26–28.37–41)
20 # Joh 3,3; 18,36 Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. 21#17,21 Guds … dykk kan òg omsetjast «Guds rike er inne i dykk». Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»
22Til læresveinane sa han: «Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men ikkje få oppleva det. 23#Mark 13,21 Folk skal seia til dykk: ‘Sjå der’ eller: ‘Sjå, her er han’. Gå ikkje dit og spring ikkje etter dei! 24For slik lynet flammar opp og lyser frå himmelrand til himmelrand, slik skal Menneskesonen koma til syne på sin dag. 25#9,22; 18,31f Men først skal han lida mykje og bli forkasta av denne slekta.
26 # 1 Mos 6–8 Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera i Menneskesonens dagar. 27Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom storflaumen og gjorde ende på dei alle. 28#1 Mos 19,14ff Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29Men den dagen Lot gjekk ut av Sodoma, regna det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen openberrar seg.
31 # Matt 24,17f; Luk 21,21 Når den dagen kjem, må den som er oppe på taket og har sakene sine nede i huset, ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32#1 Mos 19,26 Kom i hug kona til Lot! 33#Matt 10,39; Luk 9,24 Den som vil tryggja livet sitt, skal mista det. Men den som mistar det, skal berga det. 34Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng. Den eine skal hentast, den andre skal bli att. 35To kvinner skal mala på same kverna. Den eine skal hentast, den andre skal bli att. 36#17,36 Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Matt 24,40. {{To menn skal vera ute på marka. Den eine blir henta, den andre skal bli att.}}»
37 # Job 39,33 Då tok læresveinane til orde og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»

Currently Selected:

Lukas 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy