YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 10

10
Jesus sender ut dei syttito
(Matt 9,37–38; 10,7–16)
1 # 4 Mos 11,16 # 10,1 syttito Andre handskrifter har «sytti», både i v. 1 og i v. 17. Etter jødisk tradisjon var det òg 72 språk i verda. Jf. 1 Mos 10. Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. 2#Joh 4,35 Og han sa til dei:
«Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. 3Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. 4#9,3ff; 22,35 Ta ikkje med pengepung, ikkje veske og ikkje skor, og hels ikkje på folk på vegen. 5Men når de kjem inn i eit hus, skal de først seia: ‘Fred vere med denne heimen!’ 6Om der bur eit fredens menneske, skal freden dykkar kvila over han. Dersom ikkje, skal freden venda attende til dykk sjølve. 7#1 Kor 9,4ff; 1 Tim 5,18 Bli verande der i huset og et og drikk det dei byd fram! For ein arbeidar er verd si løn. Flytt ikkje frå hus til hus! 8Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! 9#Jes 52,7; Jer 3,12.22; Dan 2,44; 7,14; Hos 14,2; Matt 3,2; 4,17; 10,7#10,9 =Guds rike. Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’ 10Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11#9,5; Apg 13,51#10,11 støvet >9,5. ‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’ 12#1 Mos 19,1ff Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
Verop over byar i Galilea
(Matt 11,20–23)
13 # Jes 23,1ff; Esek 26–28; Am 1,9f; Sak 9,2ff # 10,13 Tyros og Sidon >6,17. i sekk og oske viser til sørgjeskikkar der ein kler seg i grov sekkestrie og strør jord eller støv på hovudet. Jf. Est 4,3; Job 2,12. Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske. 14Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de. 15#Jes 14,13ff Og du, Kapernaum – skal du bli opphøgd like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned!
16 # Matt 10,40; Mark 9,37; Luk 10,16; Joh 5,23; 13,20; 15,23 Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.»
Dei syttito kjem tilbake
17Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18#Joh 12,31; Op 12,9#10,18 Satan det hebr. namnet på =djevelen. Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19#Sal 91,13; Mark 16,18 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20#2 Mos 32,32f; Sal 69,29; Dan 12,1; Luk 10,20; Fil 4,3; Hebr 12,23; Op 3,5+ Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!»
Kven Sonen er
(Matt 11,25–27; 13,16–17)
21 # 1 Kor 1,26ff I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22#Matt 28,18; Joh 1,18; 3,35; 10,15; 13,3; 17,2.6f.25f; Fil 2,9 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser! 24#1 Pet 1,10 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»
Den miskunnsame samaritanen
25 # 3,10; 18,18; Apg 2,37; 16,30; 22,10 Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 26«Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?» 27#3 Mos 19,18; 5 Mos 6,5; Matt 22,37 Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» 28#3 Mos 18,5; Matt 19,17; Rom 10,5; Gal 3,12 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» 29Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» 30#10,30 Jerusalem … Jeriko Vegen frå Jerusalem (ca. 800 moh.) til Jeriko (ca. 400 muh.) var aud, og på ein del av strekninga gjekk han gjennom ein trong dal, der røvarar ofte heldt til. Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. 31Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. 32#10,32 levitt ein som gjorde underordna oppgåver ved tempelet. =levittar. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. 33#10,33 samaritan Jødane rekna vanlegvis samaritanane som ureine. =samaritanar. fekk … inderleg medkjensle >7,13. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. 34Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. 35#10,35 to denarar svarar til to dagløner. =mynt. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
36Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» 37«Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
Jesus hos Marta og Maria
38 # Joh 11,1; 12,2f # 10,38 i heimen sin Orda manglar i dei eldste handskriftene. Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han {{i heimen sin.}} 39Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42#1 Kong 3,11ff; Sal 37,25; Matt 6,33; 19,29; Kol 3,1f#10,42 Men det er eitt som er nødvendig Nokre handskrifter har «lite er nødvendig» eller «få ting er nødvendige». Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Currently Selected:

Lukas 10: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy