YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 1

1
Føreordet frå evangelisten
1 # 1,1 Evangeliet etter Lukas Nokre handskrifter har ein kortare ordlyd: «Etter Lukas». =evangelium. Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss, 2#Joh 15,27; Hebr 2,3 slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet. 3#Apg 1,1#1,3 Teofilos kanskje ein romersk embetsmann og velgjerar som interesserte seg for kristendomen og hadde ansvar for at Luk og Apg vart skrivne av og spreidde. No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av, 4så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.
Barndomen til døyparen Johannes og Jesus
(1,5–2,40)
Døyparen Johannes skal bli fødd
5 # 1,5 Herodes Herodes den store var konge under romersk herredøme i 37–4 f.Kr. =Herodes-slekta. Judea romersk provins som omfatta Idumea, Galilea, Perea og det eigentlege Judea. =landet. Abias vaktskift Jf. 1 Krøn 24,7–19. I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet. 6Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter. 7Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.
8Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift. 9#1,9 brenna røykjelse ærefullt oppdrag som ein vanleg prest kunne utføra berre éin gong i livet. Offeret vart bore fram to gonger om dagen, kl. 9 og kl. 15. Røykjelsesaltaret (v. 11) stod i det fremste rommet i tempelhuset, «Det heilage». Jf. 2 Mos 30,1–10. Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret. 10Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad. 11#1,11 Herrens engel =himmelske vesen. Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret. 12Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette. 13#1 Mos 17,19; Luk 1,60#1,13 Johannes lat. form av hebr. namn som tyder «Gud er nådig». Johannes blir òg omtala i 1,57–80; 3,1–20; 9,7–9. Jf. Mark 6,14–29. =vanlege namn. Men engelen sa til han:
«Ver ikkje redd, Sakarja!
Bøna di har vorte høyrd.
Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,
og du skal gje han namnet Johannes.
14Han skal bli til glede og fryd for deg,
og mange skal gleda seg fordi han er fødd.
15 # Dom 13,4f For han skal vera stor i Herrens auge.
Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk,
og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.
16Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.
17 # Mal 3,1; 4,5f; Matt 11,14; 17,10ff # 1,17 Elia Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. Han skal gå føre Herren
med same ånd og kraft som Elia hadde,
for å venda fedrehjarta til borna
og gje ulydige det sinn som rettferdige har,
for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»
18 # 1 Mos 17,17; 18,12 Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.» 19#Dan 8,16; 9,21 Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen. 20No skal du bli stum og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For du trudde ikkje orda mine. Men det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»
21Imedan stod folket og venta på Sakarja og undra seg over at han vart verande så lenge i tempelet. 22Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.
23Då tenestetida hans var ute, fór han heim att. 24Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader. 25#1,25 mi vanære Jødane heldt det for ei vanære når dei ikkje fekk born. Jf. 1 Mos 30,1.23; 1 Sam 1,6. «Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»
Bodskapen til Maria
26Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27#Matt 1,16.18#1,27 lova bort >2,5. til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
31 # Jes 7,14; Matt 1,21ff; Luk 2,21 # 1,31 Jesus gr. form av hebr. Jesjua, «Herren frelser», kortform av Jehosjua, ofte attgjeve «Josva». Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
32 # 2 Sam 7,12ff; Jes 9,6f; Mark 11,10 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
33 # Dan 7,14; Mi 4,7 # 1,33 Jakobs hus brukt i ei utvida meining om huslyd, ætt og folk, jf. 2,4. Uttrykket blir brukt som nemning på heile Israel, det folket som rekna opphavet sitt frå Jakob, som òg heitte Israel, 1 Mos 32,28. Jf. 35,10. Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35#Matt 1,20 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.
36Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37#1 Mos 18,14 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
Maria og Elisabet
39Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42#Sal 132,11 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.» 46#1 Sam 2,1–10 Då sa Maria:
Marias lovsong
«Mi sjel høglovar Herren,
47 # Hab 3,18 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
48 # 1 Sam 1,11 For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
49 # Sal 111,9 for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
50 # Sal 103,17 Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
51 # 2 Sam 22,28; Sal 89,11 # 1,51 med sin sterke arm >1,66. Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
52 # Job 5,11; 12,19; Sal 107,40f Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
53 # Sal 107,9 Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
54 # 1 Mos 17,7; Sal 98,3; Jes 41,8f Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
55slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»
56Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.
Johannes blir fødd
57Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son. 58Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.
59 # 1,59 omskjera Alle jødiske gutar skulle omskjerast åtte dagar etter fødselen som eit teikn på at dei høyrde til den pakta som Herren gjorde med Abraham og ætta hans (1 Mos 17,9–14). =religiøse skikkar og ordningar. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren, 60#1,13 men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.» 61«Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei. 62Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita. 63Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg, 64men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud. 65Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt. 66#1,66 Herrens hand eit bilete på Guds makt til å gripa inn, til dømes med hjelp, vern eller leiing. Jf. Esra 7,6; Sal 118,15f; Jes 59,1. Herrens «arm» uttrykkjer det same. Jf. v. 51. Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han. 67Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:
Sakarjas lovsong
68 # Sal 72,18; 111,9 «Velsigna er Herren, Israels Gud,
for han såg til sitt folk og har løyst det.
69 # 1,69 eit horn til frelse Hornet er i GT eit symbol på makt, styrke og vern. Den som tek si tilflukt til Herren, kan kalla han «frelseshornet» sitt. Her er uttrykket brukt om Messias. Han har reist for oss eit horn til frelse
i sin tenar Davids hus,
70 # Jer 23,5f så som han lova frå gammal tid
ved munnen til sine heilage profetar:
71 # Sal 106,10 å frelsa oss frå våre fiendar
og frå handa åt alle dei som hatar oss.
72 # Sal 105,8f; 106,45f Han viste miskunn mot våre fedrar
og kom i hug den heilage pakta,
73 # 1 Mos 22,16ff den eid han gav som lovnad
til Abraham, vår far,
74så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,
kan tena han for hans andlet
75i reinleik og rettferd alle våre dagar.
76 # Jes 40,3; Mal 3,1; Joh 1,23 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
77 # 3,3 og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,
78 # Mal 4,2 for vår Gud er rik på miskunn.
Slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang
79 # Jes 9,2; 58,8; 60,1f; Matt 4,16 og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.»
80 # 3,1ff Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.

Currently Selected:

Lukas 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy