YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 19

19
Heilagdomsreglar for israelittane
1 Herren sa til Moses: 2#11,44f; 1 Pet 1,16 Tal til heile Israels forsamling og sei til dei: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.
3 # 2 Mos 20,8.12 Kvar og ein skal ha age for mor si og far sin, og de skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud. 4#2 Mos 20,3f.23 De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.
5 # 7,11ff Når de vil ofra eit fredsoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje. 6Kjøtet skal etast same dagen som de ofrar, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast. 7Det må ikkje etast av offeret den tredje dagen. Då er det ureint og kan ikkje gje velvilje. 8Den som et det, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var heilagt for Herren. Han skal støytast ut frå folket sitt.
9 # 23,22; 5 Mos 24,19f; Rut 2,2f Når de haustar inn korn i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka saman. 10På vinmarka skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller plukka dei som er neddotne. Du skal la dei vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
11 # 2 Mos 20,15f; Ef 4,25.28; Kol 3,9; 1 Tess 4,6 De skal ikkje stela, og de skal ikkje lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmenn.
12 # 2 Mos 20,7+ De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet til din Gud. Eg er Herren.
13 # 5 Mos 24,14f; Jer 22,13; Jak 5,4 Du skal ikkje undertrykkja nesten din eller røva noko frå han. Du skal ikkje la løna til ein dagarbeidar liggja natta over hos deg.
14 # 5 Mos 27,18 Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja ein snublestein i vegen for den som er blind. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.
15 # 2 Mos 23,3; 5 Mos 1,17; 16,19; Ordt 24,23f De skal ikkje gjera urett når de dømmer. Du skal ikkje halda med den svake parten og ikkje ta parti for den mektige. Du skal dømma landsmannen din rettferdig.
16 # Sal 15,3; Jer 9,8; Esek 22,9 Du skal ikkje gå omkring og baktala ditt eige folk. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren. 17#Matt 18,15; Luk 17,3; 1 Joh 2,11; 3,15 Du skal ikkje bera hat til bror din i hjartet, men du skal tala landsmannen din til rette, så du ikkje fører synd over deg for hans skuld. 18#5 Mos 6,5; Matt 5,43; 19,19; 22,39; Mark 12,31; Luk 10,27; Rom 12,19; 13,9; Gal 5,14; Jak 2,8 Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.
19 # 5 Mos 22,9.11 De skal halda forskriftene mine: Du skal ikkje la to husdyr av ulikt slag para seg. Du skal ikkje så to ulike slag i åkeren din. Klede som er vovne av to ulike slag tråd, skal du ikkje ha på deg.
20Det kan henda at ein mann har samleie med ei kvinne. Ho er ei slavekvinne som er lova bort til ein annan mann, men er enno ikkje frikjøpt eller frigjeven. Då skal det straffast. Dei skal ikkje døy, for ho er ikkje fri, 21men han skal koma med eit skuldoffer til Herren, ein vêr, til inngangen til teltheilagdomen. 22Med skuldoffervêren skal presten for Herrens andlet gjera soning for han og for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda han har gjort.
23Når de kjem inn i landet og plantar allslags tre til å eta av, skal de halda den første frukta dei ber, for urein. I tre år skal frukta vera urein for dykk og ikkje etast. 24Det fjerde året skal all frukt helgast til Herren på ei gledehøgtid. 25Først i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.
26 # 3,17; 5 Mos 12,23; 18,10f; 2 Kong 21,6f De skal ikkje eta noko med blodet i.
De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding. 27#19,27 runda av håret … i kantane sørgjeskikk som ikkje var tillaten for prestar. =sørgjeskikkar. Jf. 21,5; 5 Mos 14,1f; Jer 9,26; 16,6; 25,23; 49,32. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28 # 5 Mos 14,1 De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.
30De skal halda sabbatane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31 # 20,6.27; 5 Mos 18,10f; 1 Sam 28,7ff; Jes 8,19 De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32 # 1 Tim 5,1f Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.
33 # 2 Mos 22,21+ Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han. 34Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømmer, når de bruker lengdemål, vekt eller holmål. 36#5 Mos 25,13–16; Ordt 11,1; Mi 6,10f Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt.
37 # 18,30 De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Eg er Herren.

Currently Selected:

3. Mosebok 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy