YouVersion Logo
Search Icon

Josva 4

4
Dei tolv steinane
1Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva: 2#3,12 «Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar stamme, 3og byd dei: Ta opp tolv steinar frå den staden midt i Jordan der prestane står, ber dei med dykk over, og legg dei ned der de slår leir i natt.»
4Då kalla Josva til seg dei tolv mennene han hadde valt ut blant israelittane, ein frå kvar stamme, 5#1 Kong 18,31 og sa til dei: «Gå midt ut i Jordan framfor paktkista til Herren dykkar Gud! Ta så opp ein stein kvar og legg han på aksla, like mange steinar som det er stammar i Israel. 6#2 Mos 12,26; 5 Mos 6,20 Dette skal vera eit teikn mellom dykk. Når borna dykkar i morgon spør: Kva tyder desse steinane? 7skal de svara: Vatnet i Jordan vart borte framfor Herrens paktkiste. Då kista kom ut i elva, vart vatnet i Jordan borte, og desse steinane skal israelittane for alltid ha som eit minne om dette.»
8Israelittane gjorde som Josva baud dei. Midt ute i Jordan tok dei tolv steinar, like mange som det er stammar i Israel, slik som Herren hadde sagt til Josva. Dei bar dei med seg til leiren og la dei ned der. 9Og midt ute i Jordan, på den staden der prestane med paktkista hadde stått, reiste Josva tolv steinar. Dei står der den dag i dag.
10Prestane som bar kista, vart ståande midt ute i Jordan til alt som Herren hadde pålagt Josva å seia folket, var gjort, slik òg Moses hadde pålagt Josva. Folket skunda seg over elva. 11Då alle var komne over, gjekk prestane vidare føre folket med Herrens paktkiste. 12#4 Mos 32,21.29 Rubenittane og gadittane og halve stammen til Manasse gjekk fullt rusta i spissen for israelittane, slik som Moses hadde sagt dei. 13Om lag førti tusen mann, væpna til strid, gjekk for Herrens andlet over elva mot slettene ved Jeriko for å slåst. 14#3,7 Den dagen gjorde Herren Josva stor i auga til israelittane, og så lenge han levde, frykta dei han slik dei hadde frykta Moses.
15 Herren sa til Josva: 16#4,16 vitnemålet dei to steintavlene som låg i paktkista. Jf. 2 Mos 40,20. =Guds bustad. «Sei til prestane som ber kista med vitnemålet, at dei skal stiga opp frå Jordan.» 17Og Josva baud prestane: «Stig opp frå Jordan!» 18#3,15f Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp frå Jordan og sette foten på tørt land, kom vatnet i Jordan tilbake og fløymde over breddene sine som før.
19 # 4,19 Gilgal by i Jordan-dalen, eit viktig religiøst og politisk sentrum heilt fram til kongetida. Jf. 1 Sam 7,16; 10,8. Namnet er avleidd av hebr. galal, «å velta». Jf. 5,9. Det var den tiande dagen i den første månaden at folket steig opp frå Jordan. Dei slo leir i Gilgal, ved austgrensa for Jeriko. 20Dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan, reiste Josva i Gilgal, 21og han sa til israelittane: «Når borna dykkar i morgon spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane? 22skal de forklara det for borna og seia: Her gjekk israelittane over Jordan på tørt land. 23#2 Mos 14,21fHerren dykkar Gud tørka ut vatnet i Jordan for dykk til de hadde gått over, slik Herren dykkar Gud gjorde med Sivsjøen, som han tørka ut for oss til vi var komne over. 24Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal frykta Herren dykkar Gud.»

Currently Selected:

Josva 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy