YouVersion Logo
Search Icon

Josva 17

17
Manasses land
1 # 1 Mos 49,22ff; 4 Mos 32,39f; 5 Mos 33,13ff; Jos 13,29ff Ved loddkasting fekk stammen til Manasse tildelt land, for han var den eldste sonen til Josef. Makir, eldste sonen til Manasse, far til Gilead, var ein stor krigar. Han fekk Gilead og Basan. 2#4 Mos 26,29ff; 5 Mos 3,14f Resten av etterkomarane av Manasse, sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida, fekk sine område, slekt for slekt. Dette var dei mannlege etterkomarane av Manasse, son til Josef, og slektene deira.
3 # 4 Mos 26,33; 27,1ff; 36,1ff Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, hadde ingen søner, berre døtrer. Døtrene hans heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. 4Dei steig fram for presten Elasar og for Josva, son til Nun, og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss eigedom saman med brørne våre.» Og dei fekk land saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt. 5Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austafor Jordan. 6For døtrene til Manasse fekk sin del saman med sønene hans; den andre halvparten av Manasse-stammen hadde fått Gilead.
7Grensa for landområdet til Manasse strekte seg frå Asjer til Mikmetat, midt imot Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til Jasjub ved Tappuah-kjelda. 8Manasse fekk landet omkring Tappuah, men sjølve Tappuah, ved grensa til Manasses landområde, tilkom Efraim-stammen. 9Så gjekk grensa ned til Kana-bekken, på sørsida av elvefaret. Efraim fekk byane her, som låg midt iblant byane til Manasse. Grensa for landområdet til Manasse gjekk nord for elvefaret og enda utmed havet. 10Efraim fekk det som var sønnafor, og Manasse det som var nordafor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar. 11I landet til Jissakar og Asjer fekk Manasse Bet-Sjean med landsbyane som høyrde til, Jibleam med landsbyar, dessutan innbyggjarane i Dor med landsbyar, i En-Dor med landsbyar, i Taanak med landsbyar og i Megiddo med landsbyar, alle dei tre høgdedraga. 12#Dom 1,27f Men etterkomarane av Manasse greidde ikkje å ta desse byane. Kanaanearane klarte å bli buande i denne delen av landet. 13#16,10 Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg i staden for å driva dei ut.
Josefs hus får skoglandet
14Josefs etterkomarar sa til Josva: «Kvifor har du gjeve oss berre éin lott og éin del til eigedom? Vi er då eit talrikt folk, for til denne tid har Herren velsigna oss.» 15Josva sa til dei: «Er de eit så talrikt folk, så gå opp i skogtraktene og rydd dykk jord der, i landet til perisittane og refaittane, sidan Efraims fjelland er for trongt for dykk.» 16#Dom 1,19 Dei svara: «Fjellandet er ikkje stort nok for oss, og alle kanaanearane nede i dalbygdene har stridsvogner av jern, både dei som bur i Bet-Sjean og i småbyane omkring, og dei som bur på Jisreel-sletta.»
17Då sa Josva til Josefs hus, til Efraim og Manasse: «Du er eit stort og sterkt folk. Du skal ikkje berre ha éin del, 18eit heilt fjellområde skal du få. Det er skog der, men den skal du hogga. Då blir det ditt, både fjell og dal, og du skal ta landet frå kanaanearane, sjølv om dei har jernvogner, og sjølv om dei er sterke.»

Currently Selected:

Josva 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy