YouVersion Logo
Search Icon

Jona 3

3
Jona i Ninive
1 Herrens ord kom til Jona andre gongen: 2#1,2 «Stå opp og gå til storbyen Ninive! Den bodskapen eg gjev deg, skal du ropa ut over byen.»
3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsreiser lang. 4Jona byrja å gå innover i byen, og då han hadde gått ei dagsreise, ropa han: «Enno førti dagar, og så skal Ninive bli øydelagd!»
5 # Joel 1,14+; Matt 12,41 # 3,5 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, både store og små. 6#Est 4,3; Dan 9,3#3,6 sette seg i oske Å sitja i kald oske var eit ytre teikn på å angra og vera audmjuk. Då kongen av Ninive fekk høyra om dette, reiste han seg frå tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske.
7Han lét ropa ut i Ninive: «Etter påbod frå kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller småfe, må smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8#Jer 4,8; 26,3 Dei skal kle seg i sekkestrie, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frå sin vonde veg og sine overgrep. 9#Joel 2,14 Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frå den brennande vreiden sin, så vi ikkje går under.»
10 # Jer 18,8; Am 7,3.6+ Gud såg det dei gjorde, at dei vende om frå sin vonde veg. Då angra Gud på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.

Currently Selected:

Jona 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy