YouVersion Logo
Search Icon

Job 11

11
Sofar: Guds løynde visdom
1 # 2,11 Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:
2Må ikkje ein slik ordflaum få svar
så ikkje pratmakeren får rett?
3Tomsnakket ditt får folk til å teia.
Du spottar utan skam.
4 # Job 10,7 Du seier: «Min lærdom er rett.
Rein er eg i dine auge.»
5Berre Gud ville tala
og opna leppene mot deg!
6 # Esra 9,13; Sal 103,10 Då ville han fortelja deg visdomens løyndomar
og gje deg dobbel innsikt:
Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.
7 # Sal 139,7–10; Rom 11,33 Kan vel du måla Gud,
kan du kjenna Den veldiges grenser?
8 # Ef 3,18f Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?
Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?
9Lengre enn jorda,
breiare enn havet.
10 # 9,12 Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman,
kven kan hindra han?
11Han kjenner løgnarane.
Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?
12Kan ein tomskalle få forstand?
Kan eit villesel fødast som menneske?
13 # 11,13 brei hendene ut eit uttrykk for bøn. Om ditt hjarte er fast,
så brei hendene ut mot han.
14Om det er urett i di hand,
så vis uretten bort;
lat ikkje vondskap bu i dine telt.
15 # 10,15f Då kan du skuldfri lyfta hovudet,
heilstøypt og utan frykt.
16For du skal gløyma lidinga,
minnast henne som vatn som rann forbi.
17 # Sal 139,11f; Jes 58,10 Då står livet høgare enn middagssola.
Mørkret blir som ein morgon.
18Du er tillitsfull, for det er håp.
Du er verna og kan trygt leggja deg.
19 # 3 Mos 26,6; Sal 4,9 Ingen skremmer deg når du går til ro.
Mange vil søkja din gunst.
20 # 8,13 Men auga til dei lovlause sloknar.
Dei er ikkje i stand til å flykta,
deira einaste håp er å få anda ut.

Currently Selected:

Job 11: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy