YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 2

2
Bryllaupet i Kana
1 # 4,46 Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. 2Også Jesus og læresveinane hans var bedne. 3Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» 4#7,6.30; 8,20; 13,1#2,4 kvinne Tiltalen er høgtideleg, ikkje uvenleg. Jf. 4,21; 19,26; 20,13. «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» 5#1 Mos 41,55 Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6 # Mark 7,3f # 2,6 reinsingsskikkane =heilag og rein. to eller tre anker ca. 70 eller 105 l. =mål og vekt. No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. 7«Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. 8#2,8 kjøkemeisteren Det var vanleg at ein av gjestene i bryllaupet hadde eit særskilt ansvar for å sjå etter maten. Dette var eit ærefullt oppdrag. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. 9Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11 # 1,14 Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han. 12Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
Det gamle og det nye tempelet
(Matt 21,12–13; Mark 11,15–17; Luk 19,45–46)
13 # 6,4; 11,55 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem. 14#2,14 pengevekslarane Tempelskatten kunne ikkje betalast med romerske eller greske myntar, sidan dei bar heidenske motiv. På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16#Sak 14,21 og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!» 17#Sal 69,10 Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!
18 # Matt 12,38; 16,1; 21,23; Joh 4,48; 6,30 Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» 19#Matt 26,61 Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» 20#2,20 i førtiseks år Ei stor ombygging av tempelet byrja ca. 20 f.Kr. Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21#1 Kor 6,19 Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp. 22#Luk 24,6ff; Joh 12,16; 14,26 Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
Jesus og Nikodemus
23 # 7,31; 8,30; 10,42; 11,45; 12,11.42 Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde. 24Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle, 25og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.

Currently Selected:

Johannes 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy