YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 45

45
Herrens ord til Baruk
1 # 36,1ff Ordet som profeten Jeremia sa til Baruk, son til Neria, då han skreiv ned i ein bokrull dei orda som Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
2Så seier Herren, Israels Gud, om deg, Baruk:
3 # Sal 6,7; Klag 5,5 Du seier: «Ve meg!
Herren har lagt ny sorg til mi smerte.
No er eg trøytt av å klaga,
eg finn ikkje kvile.»
4 # 1,10 Dette skal du seia til han:
Så seier Herren:
Det eg har bygd, det vil eg knusa,
og det eg har planta, det rykkjer eg opp;
slik skal det vera på heile jorda.
5 # 39,18; Rom 12,3.16 Og du ventar deg store ting.
Ikkje gjer det!
For sjå, no sender eg ulukke
over alt som lever, seier Herren.
Men deg gjev eg livet som krigsbytte
alle stader der du går.

Currently Selected:

Jeremia 45: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy