YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 33

33
Jerusalem og Juda skal gjenreisast
1 # 32,2 Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han enno sat fengsla i vaktgarden: 2Så seier Herren, som skapte jorda, Herren, som forma og grunnfeste henne, Herren er hans namn: 3#Sal 50,15; Jer 29,12 Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.
4 # Jes 22,10 For så seier Herren, Israels Gud, om husa i denne byen og om husa til Juda-kongen, dei som vart rivne ned for å brukast til vern mot vollar og sverd 5då innbyggjarane kom i strid med kaldearane og husa deira vart fylte med lik, den gongen eg slo dei ned i vreide og harme:
Eg har vendt andletet bort frå denne byen på grunn av all deira vondskap. 6#30,17 Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei. 7Eg vender lagnaden for Juda og Israel og byggjer dei opp som i den første tid. 8#31,34; Esek 36,25; Sak 13,1; Apg 10,43 Eg reinsar dei for all skuld og tilgjev dei alle syndene og lovbrota dei gjorde mot meg. 9Byen skal bli til ære og glede for meg, til pris og pryd mellom alle folkeslag på jord, dei skal høyra om alt det gode eg gjer for dei, og skjelva i ærefrykt for all den lukke og fred eg skaper for dei.
10 # 32,43 Så seier Herren: De seier at denne staden er aud, utan menneske og dyr, byane i Juda og gatene i Jerusalem er aude, ikkje eitt menneske bur der, ikkje eitt dyr, men endå ein gong skal det høyrast 11#Sal 118,1; Jer 7,34; 30,19 lyd av fryd og glede, røyst av brudgom og brur, rop frå folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Takk Herren over hærskarane, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet som i den første tid, seier Herren.
12Så seier Herren over hærskarane: På denne staden som er aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring skal det på nytt vera beite der gjetarar lèt sauene kvila. 13I byane både i fjellandet, i låglandet og i Negev, i Benjamin-landet og i området rundt Jerusalem og i Judas byar skal saueflokkar atter gå fram under handa til han som tel dei, seier Herren.
14 # 29,10 Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav til Israel og Juda. 15#Sak 3,8#33,15 ei rettferdig spire >23,5. I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet. 16#23,6; Sak 14,11 I dei dagane skal Juda bli frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette skal ho heita: «Herren, vår rettferd». 17#2 Sam 7,16; 1 Kong 9,5 For så seier Herren: David skal aldri mangla ein mann til å sitja på trona i Israels hus. 18Og levittprestane skal heller ikkje mangla menn som alltid kan vera for mitt andlet og bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og gjera i stand slaktoffer.
19 Herrens ord kom til Jeremia: 20#31,36 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, slik at dag og natt ikkje kjem til rett tid, 21då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan vera konge på trona hans, og pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. 22#1 Mos 15,5; 22,17 Etterkomarane av min tenar David og av levittane som gjer teneste for meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan målast.
23 Herrens ord kom til Jeremia: 24Har du ikkje sett kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Dei vanærar folket mitt fordi dei ikkje lenger ser på det som eit folk.
25Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve skipnader for himmel og jord, 26#29,14; 32,44; Esek 39,25 vil eg støyta frå meg etterkomarane til Jakob og tenaren min David og ikkje ta nokon av dei til herskarar over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

Currently Selected:

Jeremia 33: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy