YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 15

15
Inga medkjensle med folket
1 # 2 Mos 32,11ff; 4 Mos 14,13ff; 1 Sam 7,9; Sal 99,6; Esek 14,14 Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel stod framfor meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei frå meg, dei skal gå bort! 2#43,11 Og når dei seier til deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:
Den som tilhøyrer døden, til død,
den som tilhøyrer sverdet, til sverd,
den som tilhøyrer svolten, til svolt,
den som tilhøyrer fangenskapet, til fangenskap.
3 # Esek 14,21 Eg sender mot dei fire slags straffedommar, seier Herren: sverd til å drepa, hundar til å slepa bort, fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øydeleggja. 4#2 Kong 21,2ff; 23,26; 24,3; 2 Krøn 33,2ff#15,4 Manasse Jf. 2 Kong 21,1–18. Eg gjer dei til ei redsle for alle rike på jorda på grunn av det som Juda-kongen Manasse, Hiskias son, har gjort i Jerusalem.
5For kven har medkjensle med deg, Jerusalem,
kven tykkjer synd i deg?
Kven stansar og spør korleis du har det?
6 # 5 Mos 32,15; Jes 1,4 Du støytte meg frå deg, seier Herren,
og snudde ryggen til.
Så strekte eg handa ut
for å gjera ende på deg,
eg var trøytt av å ha medynk.
7Eg spreidde dei med kasteskovl
i byane i landet.
Eg gjorde folket mitt barnlaust
og lét det gå til grunne;
det vende ikkje om frå vegane sine.
8Eg gjorde enkjene meir talrike enn havsens sand.
Mot dei som var mødrer til unge menn,
sende eg ein som herja midt på lyse dagen.
Brått lét eg redsle og skrekk
falla over dei.
9 # Hos 9,12; Am 8,9 Sjølv ho som fødde sju born, har visna.
Livsanden har gått ut av henne,
sola hennar har gått ned
medan det endå var dag.
Ho vart til spott og skam.
Resten av folket
gjev eg til sverdet
framfor fiendane deira,
seier Herren.
Profetens kall og liding
10 # Job 3,3; Jer 11,18ff; 20,1ff; 26,7ff Ve meg, mor, at du fødde meg,
ein mann i strid og krangel med heile landet.
Eg har korkje gjeve eller teke opp lån,
og endå forbannar dei meg alle.
11 # 21,1ff; 37,3ff; 42,1ff I sanning, Herre:
Har eg ikkje tent deg til det gode,
har eg ikkje bede til deg då fienden kom,
i tida med naud og trengsle?
12Kan ein bryta sund jern,
jern frå nord, og bronse?
13 # Sal 44,13; Jes 52,3.5; Jer 17,3ff Rikdomen og skattane dine
gjev eg til fri plyndring
for alle dine synder i heile landet ditt.
14 # 5 Mos 32,22 Eg gjer deg til slave for fiendane dine
i eit land du ikkje kjenner.
For min vreide logar som eld,
mot dykk er han kveikt.
15Du veit det, Herre.
Hugs meg og ta deg av meg!
Gjev meg hemn over dei som forfølgjer meg!
Ver ikkje så sein til vreide
at eg blir riven bort.
Vit at eg må tola spott for di skuld!
16 # Esek 3,1ff Eg fann dine ord og åt dei,
dine ord vart til fryd for meg
og til glede for hjartet mitt.
For ditt namn er nemnt over meg,
Herre, allhærs Gud.
17 # 6,11 Aldri sat eg og mora meg
i lystig lag.
For di skuld sat eg einsam,
du fylte meg med harme.
18 # Job 6,15ff; Jer 10,19; 14,17; 30,12 # 15,18 ein tørrlagd bekk bekk som fører vatn berre i regntida. Kvifor er mi smerte utan ende
og såret mitt ulækjande?
Det kan ikkje lækjast.
Du har vorte for meg som ein tørrlagd bekk,
som vatn ein ikkje kan lita på.
19Difor, så seier Herren:
Dersom du vender om,
lèt eg deg koma attende.
Du skal stå for mitt andlet.
Dersom du skil ut det kostesame
frå det verdlause,
skal du vera som min munn.
Dei skal venda seg til deg,
men du skal ikkje venda deg til dei.
20 # 1,18f; Esek 3,8f Mot dette folket
gjer eg deg til ein festningsmur av bronse.
Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.
For eg er med deg,
eg vil frelsa deg og berga deg,
seier Herren.
21Eg vil berga deg frå hendene til dei vonde
og fria deg frå grepet til valdsmenn.

Currently Selected:

Jeremia 15: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy