YouVersion Logo
Search Icon

Dommarane 7

7
Gideon vinn over midjanittane
1 # 6,32 # 7,1 More-haugen ved Jisreel-sletta. Jerubbaal, det er Gideon, tok tidleg ut, og heile hæren med han, og dei slo leir ved Harod-kjelda. Leiren til midjanittane låg nord for Gideon, ved More-haugen nede på sletta.
2 # 5 Mos 8,17f; Jes 10,13ff; Am 6,13 Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på dei. For då kunne Israel briska seg mot meg og seia: Ved eiga hand har eg vorte berga! 3#5 Mos 20,8 Rop no ut så folket høyrer det: Den som er redd og skremd, kan snu og venda heim att frå Gilead-fjellet!» Då var det tjueto tusen mann som fór, og ti tusen vart att.
4Men Herren sa til Gideon: «Enno er det for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Når eg seier til deg: Denne skal gå med deg, då skal han bli med. Men seier eg: Denne skal ikkje gå med deg, då skal han ikkje vera med.»
5Så lét Gideon hæren gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga slik som hundar gjer, skal du stilla opp for seg, og på same måten alle som legg seg på kne og drikk.» 6Dei som lepja vatn frå handa, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk. 7#1 Sam 14,6 Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre som lepja, skal eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i dine hender. Resten av hæren kan fara kvar til sitt.» 8Dei overtok matforsyninga og bukkehorna frå resten av hæren. Så lét Gideon alle dei andre israelittane fara heim til telta sine, men dei tre hundre hadde han hos seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.
9Då det vart natt, sa Herren til han: «Stå opp og gå ned til leiren! Eg gjev han i dine hender. 10Er du redd, så gå først ned med Pura, tenaren din! 11Høyr på det dei seier, då får du styrke nok i hendene til å dra ut mot leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til leiren, så langt som til forpostane utanfor.
12 # 6,5 Midjanittane og amalekittane og alle folka frå aust låg nede i dalen så tett som grashopper. Kamelane deira var det ikkje tal på; dei var som sanden på havsens strand.
13Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde kameraten sin ein draum. Han sa: «Du, eg har hatt ein draum om at eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram, støytte det mot teltet og velte det, så det vart snudd opp ned og vart liggjande.» 14Då svara kameraten hans: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet til israelitten Gideon, son til Joasj. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»
15Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad. Han gjekk tilbake til Israelsleiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanittleiren i hendene dykkar.» 16Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle bukkehorn og tomme krukker i hendene, og faklar til å ha inni krukkene. 17Han sa til dei: «Sjå på meg og gjer som eg! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera det same som eg gjer. 18Når eg og alle som er med meg, blæs i bukkehorn, skal de òg blåsa i bukkehorn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»
19Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i bukkehorna og knuste krukkene som dei hadde med seg. 20Alle tre flokkane bles i bukkehorn og knuste krukkene sine. Faklane heldt dei i venstre handa, og i høgre hadde dei bukkehorna som dei bles i. Og dei ropa: «Sverd for Herren og for Gideon!» 21Men dei vart ståande kvar mann på sin plass kring leiren, medan alle i leiren rende att og fram og sprang skrikande bort. 22#1 Sam 14,20#7,22 Abel-Mehola, Tabbat byar i Gilead, aust for Jordan. Då dei tre hundre bles i bukkehorna, gjorde Herren det slik at alle i leiren lyfte sverd mot kvarandre. Dei rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.
23Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane. 24#3,28; 12,5 Over heile Efraim-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane. Steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara og Jordan. 25#Sal 83,12; Jes 9,4; 10,26 Dei fanga to midjanitthovdingar, Oreb og Seeb. Oreb drap dei på Oreb-berget, Seeb drap dei ved Seeb-pressa. Så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Seeb tok dei med til Gideon på den andre sida av Jordan.

Currently Selected:

Dommarane 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy